Hopp til innhold

Kronprinsparet vitjar Hareid

Etter ein dag i turistbygda Geiranger har Kronprinsparet kome til Hareid. Her er det folkefest, sjukeheimsbesøk og vitjing i ishavsbygda Brandal.

I ettermiddag blei Kronprinsparet tekne imot på brygga av ordførar i Hareid, Anders Riise. Like etterpå var det klart for folkefest i parken.

I Hareid får Kronprinsparet høyre Pål Andre Grimstad Worren spele trompet, dei får sjå tamilsk dans, barnehagane opptrer og det blir mykje song.

I talen sin i parken framheva Kronprins Haakon mangfaldet i Hareid. Han fortalde også kor begeistra han var for det han og familien hadde fått oppleve så langt under reisa i Møre og Romsdal.

Kronprinsparet Hareid

Ajeevan Amirthalingam og Renate Wisth overrekte blomar til Kronprinsparet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

I Hareid uttrykkjer folk stor glede over å få besøk av Kronprinsparet. Dette er ein måte å få vist fram kva Hareid har å by på, seier dei.

– Dette betyr mykje for oss. Vi likar å ta imot gjester. Og vi kosar oss skikkeleg når vi får slikt storfint besøk, seier kommunalsjef for velferd og kultur, Oddbjørn Grimstad til NRK.

– Kva er viktig å vise fram?

– Vi vil vise fram alt vi er stolte av. Vi vil vise fram borna våre, ungdommane våre og kulturlivet, seier Grimstad.

Kronprinsparet Hareid

Kronprinsparet på veg til folkefesten i parken.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Hareid har eit stort innslag av tamilar i kommunen. Dei første kom som flyktningar og busette seg på Hareid. 5 kvinner viste fram dans i vakre folkedrakter.

– Vi skal danse, både tamilsk og indisk dans. Då blir det mykje røsle. Ikkje berre litt, det blir mykje. Vi bevegar både hovudet, augene og alt, smilar Sintha Jayaram, like før ho skal på scena.

Tamilsk dans Hareid

Desse kvinnene viste fram tamilsk/indisk dans på Hareid.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kronprinsparet kjem til Hareid på årets vakraste dag. Sola skin og det er godt og varmt, også ute på øyane. I god tid før Kronprisparet kom hadde det samla seg godt med folk i parken.

Kronprinsparet Hareid

Her besøkjer Kronprinsparet bebuarane på Hadartun sjukeheim.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix