Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Møre og Romsdal 24.-26. mai. Turen følgjer denne ruta:
- 24. mai: Stranda og Hareid
- 25. mai: Herøy og Haram
- 26. mai: Molde og Rauma
Utsett på grunn av 22. juli
Besøket var først planlagt 19.-22. august i fjor, men blei utsett på grunn av 22. juli-hendingane. Den gongen var det mellom anna planlagt besøk ved Flydalsjuvet i Geiranger, Runde Miljøsenter i Herøy og Kongebjørka i Molde. Kommunikasjonsrådgjevar Vidar Ryther Myklebust vil førebels ikkje gå i detalj om programmet:
- Programmet er ikkje spikra, men i utgangspunket blir det ingen store endringar i forhold til planane i august, seier Ryther Myklebust.
Les også:
Startar no planlegging
Fylkesmannen og kommunane startar no den endelege planlegginga av programmet.
- Vi har ein runde med alle ordførarane i dei aktuelle kommunane, for å gå gjennom programmet og justere det, seier kommunikasjonsrådgjevar Vidar Rythe Myklebust.
Les også:
-
I det opphavlege programmet var det lagt inn ein fjelltur i Rauma. Det gjenstår å sjå om dette punktet blir ståande i mai.
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX