Hopp til innhold

Kronprinsen på fyrbesøk

28. mai besøkjer kronprins Haakon Haugjegla fyr ved Smøla.

Haugjegla fyr

Haugjegla fyr

Foto: Kystverket

Kronprinsen skal vere med Kystverket på ein inspeksjonsrunde til Haugjegla fyr og til Kjeungskjæret fyr i Sør-Trøndelag.

Dugnadsinnsats

- Vi ønskjer å synleggjere den dugnadsinnsatsen fyrforvaltarane gjer for å ta vare på fyra, seier regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket Midt-Noreg.

- Etter at alle fyra blei avfolka gjekk det ikkje lenge før ein såg forfallet setje sitt preg på bygningane. Derfor har Kystverket inngått ei rekkje avtalar med ulike velforeningar, stiftingar og eldsjeler som tek husa i bruk og sørgjer for vedlikehald av eigedomane. Denne frivillige innsatsen er heilt avgjerande, og vi ønskjer at den skal få positiv merksemd. Kanskje kan kronprinsbesøket motivere endå fleire til å ta del i fellesskapet som har blitt etablert rundt fyrstasjonane, seier Tronstad til Kystverkets nettside.

Haugjegla fyr

Haugjegla fyr

Foto: Kystverket

Ungdomsarbeid

Først skal kronprins Haakon til Haugjegla. Besøkjet startar klokka 0930. Deretter reiser han med helikopter til Kjeungskjæret. Programmet for dagen blir no finpussa, og det er klart at kronprinsen vil få høyre om det førebyggjande ungdomsarbeidet Hopen aktivitetsgård driv i tilknyting til Haugjegla fyr.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.