Hopp til innhold

Kronprinsen heidra krigsveteran

Olav Rogne (98) har møtt både Kong Håkon og Kong Olav. Frå Kong Håkon fekk han Krigsmedaljen etter innsatsen under krigen. I dag møtte han Kronprinsfamilien.

Video Kronprinsen møtte Olav Rogne

Kronprinsen møtte Olav Rogne

Kronprinsfamilien er på besøk i Møre og Romsdal. Mellom alle bedriftsbesøka og folkefestane i parkar på torg og kaier, tok Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette Marit seg også tid til å helse på ein verkeleg krigsveteran.

– Kong Håkon var slik ein koseleg gubbe. Han var mest oppteken av korleis eg reidde påkjenninga frå det eg opplevde under krigen. Eg svarte at eg klarte meg bra, fordi eg fortrengte inntrykka, fortel Olav Rogne like før han skal møte tronarvingen.

Kongeskipet

Kongeskipet på havna i Brattvåg. Fredag kveld blir det en mottagelse om bord for inviterte gjester.

Foto: Remi Sagen / NRK

Var i stor fare

I dei fem krigsåra var Olav Rogne om bord i tankbåtar som var lasta med bensin. Bensinen skulle til England. Konvoiane var ofte i stor fare, og dei som var om bord frykta å bli torpedert.

– Vi frakta bensin. Og om det skjedde noko ville heile havet stå i brann. Det kunne bli brannar over fleire kvadratkilometer på havet. Det ville vere omtrent umogleg å berge seg, om noko slikt skjedde, seier Rogne.

– Like spennande som å møte den eldre generasjonen

Under fylkesbesøket til Kronprinsfamilien i Brattvåg fredag kveld, fekk Olav Rogne på nytt møte representantar frå Kongefamilien.

Dette er spennande. Det er like spennande å møte desse som det var å møte den eldre generasjonen i Kongefamilien, seier Rogne.

– Fine medaljar

Olav Rogne var kledd i sin finaste stas, og hadde på seg medaljane han hadde fått som utmerking for innsatsen under krigen.

– Dette er mange fine medaljar, dei vil eg høyre meir om, sa Kronprins Haakon.

– Ja, sjå, her er det mange medaljar, kunne vi høyre Rogne seie.

– Stolte av bestefar

I enden av miljøgata utvikla det seg til ein hyggjeleg samtale mellom krigsveteranen og arvingane til den norske trona, denne vakre maidagen i Haram i Møre og Romsdal.

Olav Rogne sitt barnebarn, Karina Vadset, kunne supplere det som kom fram og kva betydning Olav Rogne har hatt.

Vi er veldig stolte av farfar. Han er ein unik person for oss, med veldig masse erfaring og historier. Dette var ein veldig spesiell dag for han, ikkje minst fordi han har møtt to kongar før, seier Karina Vadset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL