Kronerulling for rettsak

Innbyggjarar i Vanylven har sett i gang kronerulling for å kunne finansiere ei mogleg rettsak etter at ein afghansk mann står i fare for å bli utvist. Mannen har ei jente på to år, som dermed risikerer å hamne i fosterheim, fordi mora ikkje er i stand til å ta vare på henne. Det skriv smp.no (bak betalingsmur). Ifølgje avisa hevdar mannen at han er i livsfare dersom han reiser heim, mellom anna fordi han har konvertert til kristendommen, men blir ikkje trudd av Utlendingsnemnda.