Hopp til innhold

Krokus og sesongstart

Krokus, fotballekspertar og seriestart. Alle vårteikna er på plass i Molde.

Aker Stadion, Molde
Foto: Odd Sørås / NRK

- Vi har kribla, og vore urolege lenge, seier Eva Brit Maurseth i Tornekrattet.

- Rett utfor vindauget her er verdas finaste grasmatte. Den har vore grøn medan dei har spadd snø andre plassar, seier ho.

I kveld skal både supporterene og MFK få seg et selvpålagt tupp i ræva. Det skal nemlig arrangeres Kick Off for å sette stemningen før seriestarten mot Lyn. En av de som skal stå for underholdninga er selv bitt av MFK basillen.

Rekordtidleg start

- Eg står her på kvar einaste MFK-kamp, og syng like høgt der som på scena, seier Thor Olav Vaksvik.

I djup konsentrasjon gir trenaren og kapteinen svar til dei som lurer på om laget er klar for oppgåvene som kjem.

Kjell Jonevret
Foto: Roar Strøm / NRK

- Dette er rekordtidleg, men det har vi visst om i 3-4 månader. Så vi er innstilte på dette, og trur vi er klare, seier Jonevret.

- Eg er like spent som alle andre, seier MFK-kaptein Daniel Berg Hestad.

- Ein er alltid usikker før seriestarten. Korleis framstår vi i forhold til dei andre, lurer han på.

Her kan du følge Lyn - Molde direkte søndag klokka 18.00.

Krokus og fotballekspertar

Krokus og fotballekspertar er eit av dei sikraste vårteikna.

- Personleg tippar eg Molde på ein 5. plass, og den står eg for, seier Maurseth.

- Det er eit vårteikn, når ekspertane byrjar kome med alle tipsa for sesongen, seier MFK-trenar Kjell Jonevret.

- Men det er berre gøy, legg han til.

- Vi er i kjempeform, så det blir høgare og artigare enn nokon gong i Tornekrattet sitt felt på stadion, meiner Thor Olav Vaksvik.