Hopp til innhold

Mektige rumper skal kvile på norsk stoff

Når landa i FN sitt tryggingsråd blir samla for møte i New York skal dei snart setje seg ned på kvart sitt heilt nye Tingvoll-produkt.

– Vi er jo litt stolte, det er eit prestisjefullt oppdrag dette her.

Maria Aasprang er dagleg leiar på Krivi vev på Tingvoll

Maria Aasprang er dagleg leiar i veveriet. Ho seier bestillinga frå FN er ein stor jobb.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Bedrifta på Nordmøre har sikra seg ei ny kontrakt med FN, som pussar opp eitt av sine aller viktigaste rom.

Vi har fått i oppdrag å lage møbelstoff som skal til FN sitt tryggingsråd. Og der er det mange store personlegdommar som sit og tek store avgjerder, fortel dagleg leiar Maria Aasprang.

Norsk kunst og design

Det høyrest kanskje tilfeldig ut, at veveriet på Tingvoll skal veve stoffet som medlema i tryggingsrådet skal sitte på. Men dette er ein del av ein lengre tradisjon.

Det var Noreg som fekk i oppdrag å utforme rommet i 1952. Den norske arkitekten Arnstein Arneberg stod for utforminga, og kunstnar Per Krohg har laga det store veggmåleriet.

Fra åpningen av FNs sikkerhetsråds møtesal i 1952. Salen ble donert og utsmykket av Nore. Kunstner Per Krogh laget veggmaleriet, og Arnstein Arnberg sto for utformingen av salen.

VIDEO: Klipp frå opninga av møtesalen i «Filmavisen» i 1952.

No skal FN altså ha nye setestoff i lin. Og veveriet på Tingvoll er det einaste industrielle linveveriet i Noreg.

Så det er berre de som kunne levert dette?

– Ja, det er det nok, seier styreleiar Viktor Gautvik.

Det er heller ikkje første gong veveriet på Nordmøre har fått oppdrag frå FN. For 11 år sidan var dei i gang med å veve gardiner og tapetar til det same rommet.

FN sitt tryggingsråd. her frå eit møte i april 2023.

Gardinene og veggtapeten som allereie er på plass i salen til Tryggingsrådet er også levert frå Nordmøre.

Foto: AFP

Viktig for norsk design i utlandet

Tone Rasch er koservator ved teknisk museum i Oslo. Ho fortel at tekstilindustrien ein gong i tida var stor i Noreg.

– Det at FN skulle ha tekstilar frå Noreg betyr jo at Noreg hadde ein tekstilindustri som kunne ivareta eit slikt oppdrag på ein bra måte, seier Rasch.

Sidan 70-talet er det meste av norsk tekstilindustri lagt ned, fortel konservatoren. Men framleis er det nokre som held det gåande.

– Det at norsk industri framleis kan ta på seg eit sånt type oppdrag er kjempefint, og viktig for profileringa av norsk design i utlandet.

Les også: Sliter med å få tak i norsk kvalitetsull

Ullindustrien frykter for tilgangen til norsk ull.
Jan Skrefsrud er administrerende direktør i Gudbrandsdalens Uldvarefabrik AS.
Ullindustrien frykter for tilgangen til norsk ull.
Jan Skrefsrud er administrerende direktør i Gudbrandsdalens Uldvarefabrik AS.

Les også: Russland leder rådet som skal sikre fred i verden

November 8, 2022 Russian President Vladimir Putin
November 8, 2022 Russian President Vladimir Putin