Hopp til innhold

Vegtrøbbel i Rindal: – Det var stortabbe at det blei fylkesveg

Fleire ordførarar og næringslivsleiarar på indre Nordmøre meiner fylket er ein useriøs vegeigar. Dei krev no at staten tek tilbake strekninga mellom Halsa og grensa til Sør-Trøndelag.

Ola Bolme

Ola Bolme er svært lei av å ta bussen over den humpete fylkesveg 65 mellom Halsa og grensa til Sør-Trøndelag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er hompetitten, flirer Ola Bolme, på bussen som går på fylkesveg 65.

Eit uoffisielt namn, men inn mot trøndelagsgrensa er det reelt at bussen humpar noko veldig. Ifølgje Bolme har problemet vore vedvarande.

Ola T. Heggem

Ordførar i Rindal kommune Ola T. Heggem (Sp) er lei av å ikkje nå fram til fylkeskommunen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Ti år så vidt eg hugsar.

–​ Ingenting skjer?

– Nei ...

Blir fornærma

Eit skilt langs vegen seier «riksveg 65», som visst nok skal vere det beste alternativet mellom Trondheim og Nordmøre.

Mykje har derimot skjedd sidan skiltet såg dagens lys. Riksvegen har blitt til fylkesveg, og vedlikehaldet er så dårleg at folk tvilar på at vegen er det beste alternativet.

– Du blir fornærma, du føler at du ikkje blir teke på alvor rett og slett. Vi presenterer statistikk på stor trafikk, ikkje minst stor tungtrafikk, og så når vi aldri fram, seier ein frustrert Rindal-ordførar Ola T. Heggem (Sp).

Atle Nordli

Atle Nordli i Surnadal transportpartner AS fortel om enorme ekstrakostnader på grunn av dårleg veg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Enorm ekstrakostnad

Vegen det er snakk om er hovudåra for ei rekkje næringsaktørar på Indre Nordmøre. For Surnadal transportpartner, med 70 lastebilar, er dårleg veg spesielt kjipt. Utstyret deira blir rett og slett slite ned av dårleg veg.

– Det kostar oss 20.000 kroner ekstra per bil, per år, med den vegskaden som er over Rindalsskogen. Gongar du opp med bilane vi har så er det snakk om snart 1,5 millionar kroner i ekstrakostnad, seier leiar Atle Nordli i Surnadal transportpartner AS.

No ønskjer både Nordli, resten av næringslivet og politikarane at staten igjen skal overta ansvaret. Fylket er rett og slett ikkje ein seriøs nok vegeigar, meiner dei.

Ingen garanti

Halvparten av vegen får ny asfalt i år, men det er langt frå nok for eit utslite underlag. Sjølv om dei skulle få viljen sin, og staten igjen får ansvaret for vegen, gir det ingen garanti.

– Vi veit at det blir brukt meir pengar på vedlikehald på riksvegar enn fylkesvegar, og eg veit i alle fall at det er meir pengar i staten enn i fylket, seier ordførar Heggem.

Om dei faktisk får viljen sin står igjen å sjå, men for Ola Bolme som tek bussen på den humpete vegen er konklusjonen enkel:

– Det var stortabbe det at det blei fylkesveg.

Denne vegen i Rindal er så dårleg at politikarar og næringsliv ønsker at staten skal overta ansvaret. Meiner fylket ikkje er ein seriøs veg-eigar.