Kritiske spørsmål til barnevernet

Kjell Runde er kommunestyrerepresentant i Herøy for Folkelista. Han er også rektor ved ein barneskule i nabokommunen, Ulstein. No stiller han 12 kritiske spørsmål om barnevernet til kommunestyremøtet torsdag 30.april. Bakgrunnen er fleire konkrete saker som han har engasjert seg i.

Kjell Runde stiller kritiske spørsmål til barnevernet.

Kjell Runde her saman med ei som har mista omsorga for barnet sitt. I kommunestyremøtet 30.april stiller han 12 kritiske spørsmål om barnevernet i Herøy. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Dei fleste av spørsmåla handlar om ei mor i Herøy som er fråteken barnet sitt, som er plassert i fosterheim. Kjell Runde meiner det er gjort fleire feil i denne saka, og stiller dei kritiske spørsmåla som ein interpellasjon til kollegaene sine i kommunestyret i Herøy.

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) likar ikkje framgangsmåten. Han meiner det er feil å stille

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr (H) er ordførar i Herøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

slike spørsmål i form av ein interpellasjon og at dette er saker som høyrer heime i den private sfære. Så er det opp til politikarane å legge til rette for at barnevernet fungerer så godt som det skal og at dei har gode rammer.

Bakgrunn frå skulen

Kjell Runde har 40 år bak seg i skulen og det er drivkrafta hans i forhold til engasjementet for barn og ungdom og foreldre som vert ramma av det han meiner er feil frå barnevernet si side. Han er ikkje kritisk til barnevernet av prinsipp. Tvert om. Han meiner barnevernet i stor grad gjer ein god jobb, men også der kan det gjerast feil. Difor har han tatt tak i desse konkrete sakene.

Kjell Runde

Kjell Runde, barneskulerektor og kommunestyrerepresentant.

Foto: Arne Flatin / NRK

Men Goksøyr trur ikkje at Runde kan vente seg dei utfyllande svara i kommunestyremøtet på torsdag.

I den mest omfattande av desse sakene har spørsmålet om omsorg vore opp i tingretten og er anka inn for lagmannsretten. NRK har snakka med mora som det gjeld i denne saka, og ho set stor pris på det engasjementet og arbeidet Kjell Runde gjer for henne og andre som meiner dei ikkje har vorte godt behandla av barnevernet.

Helseleiaren i Herøy kommune, Inger Marie Tofthagen, seier til NRK at ho ikkje ønskjer å kommentere utspelet til Runde og viser til at dette er noko som skal opp i kommunestyret og at det difor må behandlast der.

Herøy har takka nei til å vere med i eit interkommunalt samarbeid om barnevern på Søre Sunnmøre. Dette er også Kjell Runde kritisk til. Han meiner det ville ha vore ein stor fordel fagleg sett om Herøy samarbeidde med andre kommunar i området på dette feltet.

Det var frå 1.januar 2014 at Volda, Ørsta, UIstein og Hareid inngjekk interkommunalt samarbeid om barnevern, medan Herøy, Sande og Vanylven valde å ikkje vere med.

Herøy kommune

Utfordringar for Herøy kommune.

Foto: Arne Flatin / NRK