Hopp til innhold

– Farleg for kvinnene å bli sendt heim

Ei kvinne lever i skjul i Møre og Romsdal etter at ho rømde frå menneskehandlarar. Ho har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve fleire gongar. Advokaten meiner at UNE ikkje forstår kva fare kvinnene er i.

Menneskehandel

Kvinna frå Nigeria fekk avslag på opphaldsløyve fleire gongar etter at ho rømde frå menneskehandlarar. Ho frykta for livet sitt dersom ho måtte reise heim. Nyleg vann ho fram og fekk opphaldsløyve.

Foto: Remi Sagen / NRK

NRK har tidlegare fortalt historia om den nigerianske kvinna som vart sendt til Hellas for å jobbe. Der enda ho som prostituert og offer for menneskehandel. Ho fekk beskjed om at ho måtte betale 50.000 euro for reisa, og måtte gi frå seg alle pengane ho tente. Etter seks år vart ho sendt vidare til Noreg, og fekk ny gjeld på 60.000 euro. Få dagar seinare klarte ho å stikke av og søke hjelp hos eit krisesenter.

Fekk avslag

I dag lever kvinna i konstant redsel for at ho og dottera skal bli funne av menneskehandlarane. Familien i Nigeria måtte flytte etter at ho rømde. Fire gongar har kvinna fått avslag på søknaden om opphaldsløyve fordi UNE meinte at det ikkje var tilstrekkeleg sannsynleggjort at ho ville bli forfølgt i heimlandet.

– Eg har mange rundt meg som støtta meg alle gongane eg fekk avslag på opphaldsløyvet, seier kvinna.

Nyleg vart vedtaket frå UNE oppheva av Oslo tingrett, men UNE vil anke saka

Jostein Løken, advokat

Advokat Jostein Løken meiner at Utlendingsnemnda ikkje har forstått risikoen ved å sende ut kvinner som har rømt frå menneskehandlarar.

Foto: Arvid Torsgard, NRK

– UNE misforstår

Advokat Jostein Løken er overraska over at Utlendingsnemda ikkje forstår at kvinner som rømmer frå mafiaen er i ein farleg situasjon.

– Det verkar som om UNE har misforstått dette i alle desse sakene. Kvinnene kjem til å bli utsett for represaliar dersom dei vert tvunge til retur, seier Løken. Han meiner det er ille for kvinnene og er glad for at hans klient vann fram.

Etter hans syn må UNE sette seg inn i problemstillinga og forstå at dette ikkje er kvinner som returnerer frivillig fordi dei ikkje lukkast i Europa.

– Kvinner som vert sendt tilbake til heimlandet etter å ha rømt, er utsett for ein svært høg risiko når mafiaen vil krevje inn gjelda si, seier Løken.

Trur på kvinna

Avdelingsdirektør Øyvind Havnevik i UNE seier dei årleg behandlar fleire tilsvarande saker.

– Dette er kompliserte saker som vi jobbar grundig med. Både UDI og UNE trur på klagaren i denne saka når ho seier ho har vore offer for menneskehandel, slår Havnevik fast. Likevel ankar UNE domen.

Det finst støtteapparat

Øyvind Havnevik

Øyvind Havnevik i UNE seier at dette er kompliserte saker.

Foto: UNE

Avdelingsdirektøren seier det er mange moment som avgjer om offer for menneskehandel har eit behov for å bli beskytta, mellom anna om heimlandet har eit støtteapparat klart.

– Når det gjeld Nigeria, har dei eit slikt støtteapparat i NAPTIP (The National Agency for the Prohibition of Traffic in Persons and other related matters). UNE legg også vekt på at det ikkje finst opplysningar om at kvinner som tidlegare har reist tilbake til Nigeria, etter å ha rømt frå bakmenn, er utsette for represaliar i heimlandet, opplyser Havnevik.

Få får bli

UNE har sidan 01. januar 2010 behandla i underkant av 80 klagar på avslag UDI har gitt til offer for menneskehandel frå Nigeria.

– I majoriteten, om lag 70 av sakene, held UNE på vedtaka til UDI. Dette fordi UNE etter ei konkret vurdering meiner at det ikkje er risiko for at klagaren skal bli utsett for overgrep frå bakpersonar eller bli utsette for menneskehandel igjen ved retur til Nigeria, seier avdelingsdirektør Øyvind Havnevik i UNE.

– Ei rekkje andre europeiske land har også pålagt tidlegare offer for menneskehandel å returnere til Nigeria, legg han til.

Vil alltid vere redd

Advokat Jostein Løken syntest det er oppsiktsvekkjande at UNE no har bestemt seg for å anke. Han meiner domen i tingretten var krystallklar.

– Dette gjer det endå vanskelegare for ei einsleg mor med eit lite barn i sårbar situasjon, seier Løken.

Kvinna må difor framleis leve i uvisse.