Hopp til innhold

Kritisk til storkommune i Romsdal

Arbeidarpartiveteranen Kåre Ellingsgård er sterkt kritisk til ei storkommune på Romsdalshalvøya.

Kåre Elllingsgård (AP)

Arbeidarpartiveteranen Kåre Ellingsgård er kritisk til ei storkommune på

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Saka er ikkje greia ut for Molde kommune i det heile tatt. Ein godtek eit forslag utan at det vert regulert for og imot i sjølve saksframlegget, meiner Arbeidarpartiveteranen Kåre Ellingsgård.

På eit kommunestyremøte torsdag blei det klart at Molde kommunestyre går inn for ein storkommune beståande av kommunane på Romsdalshalvøya, slik Telemarksforsking tidlegare har tilrådd.

Alternativet omfattar kommunane Aukra, Eide, Fræna, Midsund, Molde, Nesset og Gjemnes. Kommunestyret er også open for at Rauma og Vestnes kan bli med om dei vil.

Saknar argumentasjon

Ellingsgård meiner det er ille at kommunestyret i Molde har gjort eit vedtak om ei storkommune på Romsdalshalvøya.

– Eg meiner at ein ikkje kan gjere vedtak i den viktigaste saka kommunestyret har behandla utan at ein kjenner saka, seier han.

– Bør ein ikkje stole på rapporten frå Telemarksforsking?

– Nei, ikkje i ei slik viktig sak. Eg saknar ei vurdering frå administrasjonen i Molde der dei argumenterer for fordeler og ulemper ved det forslaget som vart lagt fram, seier Ellingsgård.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL