Hopp til innhold

– Kvinnedagen er ikkje halloween

Fleire stader i landet skal kvinnedagen feirast med mote og gode tilbod. Dette får fleire til å reagere.

Marte Breen, Sigrid Bonde Tusvik, Tina Bru

REAGERER: Marta Breen (t.v.), Sigrid Bonde Tusvik og Tina Bru reagerer på at kvinnedagen i aukande grad vert kommersialisert.

Foto: MARIA GOSSÉ/HANS KRISTIAN THORBJOERNSEN

Med moteshow, gode tilbod og mannleg konferansier skal Devoldfabrikken utanfor Ålesund feire og markere kvinnedagen den 8. mars. På Karmøy inviterer eit kjøpesenter til moteshow og goodiebags, medan ei velværebedrift i Porsgrunn inviterer til damekveld. NRK har sett liknande arrangement bli marknadsført også andre stader i landet.

At den politiske kampdagen som skal setje fokus på kvinner sin posisjon og situasjon verda over skal feirast på denne måten, meiner feminist, forfattar og journalist Marta Breen er ei negativ utvikling.

– Det verkar som om stadig fleire prøvar å bruke dagen til å selje produkt som ikkje i det heile teke har noko med kvinnesak å gjere, seier Breen.

– Vi treng ikkje blomster, vi treng rettssikkerheit

Breen viser til fleire eksempel på aktørar som nyttar dagen til å selje og promotere sine produkt. Alt frå ansiktsløft til treningsmedlemskap. Ho åtvarar mot kommersialisering av kvinnedagen.

– Personleg syns eg ikkje noko om at politiske kampdagar som 8. mars vert utnytta av kommersielle aktørar. Dagen handlar om å jobbe for kvinner sine rettar. Vi treng ikkje blomster og makronar, vi treng rettssikkerheit og sjølvbestemt abort, slår Breen fast.

Damenes aften 8. mars på Devoldfabrikken

DAMENES AFTEN: På Facebook inviterer Devoldfabrikken til damenes aften på kvinnedagen. Det har fått fleire til å reagere.

Foto: Skjermdump fra Facebook

– Dagen skal handle om kvinnekamp

Også komikar Sigrid Bonde Tusvik reagerer på denne type arrangement. Ho syns det rart viss vi skal byrje med 8. mars-tilbod frå handelsstanden og markere kvinnedagen på lik linje som Valentines og morsdag.

– Vi feminister som liker å shoppe, bruke dyre kremar og barbere leggane treng ikkje ekstra gode tilbod den dagen og heller ikkje arrangement som set fokus på det ytre. Dagen skal handle om kvinnekamp, likestilling og gode diskusjonar rundt global feminisme, seier Tusvik.

Tina Bru, stortingspolitikar og leiar i Høgre sitt kvinneforum, har ikkje noko i mot slike arrangement, men syns likevel utviklinga er synd.

– Kvinnedagen er ikkje halloween. Vi må ikkje gløyme kvifor vi markerer denne dagen og dei som har kjempa fram rettane vi kan nyte godt av i Noreg. Dagen er ikkje etablert for at kommersielle aktørar skal tene pengar, seier Bru.

Ho meiner likevel ikkje at det eine øydelegg for det andre. Ein kan både gå i tog og få gode tilbod denne dagen, meiner Bru.

Devoldfabrikken

BEKLAGAR: Benthe Langeland, dagleg leiar ved Devoldfabrikken, seier det ikkje var meininga å støyte nokon med arrangementet.

Foto: Tone Måseidvåg Reite

Tilfeldig

Dagleg leiar i Devoldfabrikken, Benthe Langeland, seier at det var tilfeldig at moteshowet hamna på denne datoen og at det ikkje ligg noko politisk bak avgjerda om å ha arrangementet på kvinnedagen.

– Vi ynskjer ikkje å støyte nokon, det var ikkje meininga. Det politiske i denne dagen er viktigare enn handel og det er ikkje meininga at det skal innførast nokon handledag, seier Langeland.