Anlegget skal vere reserveanlegg og produsere energi til fjernvarmenettet til Ålesund når forbrenningsanlegget på Grautneset ikkje kan levere.
Geir Ole Sætremyr i Naturvernforbundet er svært kritisk til planane. Han meiner at å bruke fossilt brennstoff til oppvarming er å gå baklengs inn i framtida.
Planar sidan 1986
Varmepumpesentralen til Tafjord kraft ligg midt i Ålesund sentrum. Sentralen som blei bygd i 1986 skulle forsyne Ålesund kommune med energi i form av oppvarma sjøvatn. I 2004 blei også bossforbrenningsanlegget på Grautneset knytt til fjernvarmenettet i bysentrum.
Alt i 1986 blei det lagt til rette for at ein i framtida skulle kunne legge om til oljefyring i varmepumpesentralen for å auke kapasiteten. Men Naturvernforbundet meiner verda trass i alt har gått framover dei siste 20 åra.
Tafjord Kraft burde velje biobrensel, meiner dei.
– Reserve
Tafjord Kraft vil bruke oljefyringsovnene som reserve når Grautnesanlegget ikkje kan levere varme til nettet. Knut Arve Tafjord i Tafjord Kraftvarme seier omnen berre vil bli brukt rundt 200 timar i året, og at det blir for dyrt å bruke biologisk brensel.