– Det er 24-timersovervakinga som gir tryggleiken

Lytt meir til folk som bur under farlege fjell. Det seier Sverre Kjetil Rød som har skrive doktoravhandling om risikobodskap.

Svært mange i Møre og Romsdal lever nær farlege fjell, med den belastninga det kan vere. No er verknaden av å leve med rasrisiko blitt ein del av ei ny doktoravhandling. Mannen bak har teke for seg situasjonen på Sunnmøre og har klare råd til myndighetene.

Sverre Kjetil Rød meiner ekspertane bør høyre på lokalbefolkninga, og meiner mindre pengestøtte til overvaking er heilt feil.

– Eg søv godt om natta, for eg har stor tillit til geologane.

Sverre Kjetil Rød veit litt om temaet, for nyleg har han skrive doktoravhandling om temaet.

Korleis folk i risikoutsette område opplever kommunikasjonen dei får om farane som trugar i fjella, er det eksakte temaet.

Kontinuerlege trussel

For innbyggjarane i 10 kommunar på Sunnmøre er trusselen konstant, der fjellet kan hamne ut i fjord og sjø og skylje 60 meter opp på land.

– Ein må ta utgangspunkt i at vi er forskjellig skrudd saman og tolkar ting ulikt. Myndigheitene får bli endå flinkare til å kommunisere risiko til innbyggjarane, meiner Rød.

Ein dag kan Mannen i Molde eller Åkneset i Stranda rase ut. Om Åkneset rasar ut i Storfjorden er det meininga at innbyggjarane skal varslast 72 timar før dramatikken skjer.

– Eg vil understreke at det er 24-timersovervakinga som gir den tryggleiken, og som kan indikere når eit ras og ei flodbølgje vil kome.

Saka held fram under bildet.

Åkneset

Om fjellet rasar ut kan flodbølgjene bli enorme, som her på Åkneset.

Foto: Roar Strøm / NRK

Negativ til pengekutt

Rød meiner ekspertane bør lytte langt meir til lokalbefolkninga, og få til ein betre dialog begge vegar. I går kom det fram at NVE vurderer å kutte i pengestøtta til beredskapssenteret til Åknes/Tafjord Beredskap på Stranda.

– Den raude tråden i mitt studium er tillit, nærleik og dialog med ekspertar. Det er nettopp dette innbyggjarane får gjennom beredskapssenteret på Stranda, seier Rød.

– Så det (journ. anm. kutt i pengestøtta) vil eg tru vil ha eit negativt utslag opp mot det å skape tryggleik for folk som skal leve og bu der i ei tid med stor uvisse.

I Storfjord-området har marerittet velta inn tidlegare, då ei flodbølgje tok svært mange liv og la bygda i ruiner.

– Folk oppfattar og tolkar informasjon om naturfare svært ulikt, spesielt innbyggjarar som bur i område med forhistorie, som Tafjord og Fjøra.