Hopp til innhold

– Havforskerane bommar på torske- og sildebestanden

Fiskarlagsformann Per Jan Kvalsvik var sterkt kritisk til havforskarane i opningstalen sin til årsmøtet i Molde i dag.

Per Jan Kvalsvik

Per Jan Kvalsvik er ikkje samnd med havforskerane. Han meiner dei er for negative i anslaga sine.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I dag opna det 99. årsmøtet til Møre og Romsdal Fiskarlag i Molde. Fiskarlagsformann Per Jan Kvalsvik meiner at havforskarane er altfor negative og at bestandane ikkje er så små som dei anslår.

Ser mykje fisk

– På havet opplever vi at der er god tilgjengelegheit og vi ser mykje fisk, så vi slit med å forstå at forskarane er så negative, seier Kvalsvik.

Han meiner at bestanden av torsk og makrell er god. Kvalsvik trur også at loddebestanden er betre enn det forskarane har konkludert med. Fiskarane får høyre at det er dramatisk for norsk vårgytande sild, men sjølve meiner dei det finst meir sild i havet enn det forskarane anslår.

LES OGSÅ:

Tar feil

Kvalsvik meiner at forskarane stadig må oppjustere anslaga sine i etterkant.

– Slik kan vi ikkje ha det og difor må næringa og styresmaktene vere med på eit spleiselag for å få finansiert meir forsking på bestandane, seier Kvalsvik.

Han meiner det er grunnlag for å ta ut både meir sild, tosk og lodde, og likevel ha ei berekraftig utvikling.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL