Tafjord Kraft ønskjer å doble forbrenningskapasiteten, men Øystein Solevåg i Naturvernforbundet etterlyser ei satsing på kjeldesortering, slik at det blir mindre brenning av blandingsavfall.
– Vi håper at det blir lagt opp til at eint kan behandle kjeldesortert avfall her og ikkje berre blanda, usortert avfall, seier Solevåg.
Forbod mot deponering
Det kjem høgst truleg eit forbod mot å deponere brennbart avfall i 2009. Det vil føre til at mykje meir avfall vil bli levert til forbrenning.
Konsernsjef i Tafjord Kraft, Sverre Devold, vil ikkje kommentere høyringsfråsegna frå Naturvernforbundet, men seier at forbrenningskapasiteten er sprengt, og det er behov for å bygge ein omn til som doblar kapasiteten.
– Lågare utslepp
Alternativet vil vere å eksportere avfallet, men Devold meiner det er ei dårleg løysing. Doble omnar med det siste av renseteknologi vil gje langt lågare utslepp enn det Grautneset hadde for eit par år sidan, meiner han.