Hopp til innhold

Kritisk til avvising av bompengar

Ap-politikar Erik Kursetgjerde i Sykkylven er svært kritisk til Frank Sve frå Frp som avviser bompengeinnkrevjing på Strandafjellet som ein del av finansieringa av ny tunnel mellom Sykkylven og Stranda. Kursetgjerde seier bompengar på Strandafjellet er ein føresetnad dersom den planlagde tunnelen skal vere sjølvfinansierande. Han meiner vSve bidrar til å undergrave prosjektet. Det er gjennomgangstrafikken som må betale – ikkje hyttefolket, seier Kursetgjerde som seier tunnelen blir viktig for å binde saman Stranda og Sykkylven til ei felles kommune.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL