Det har vore ei uvanleg våt helg i Møre og Romsdal. Etter timar med striregn gjekk det laurdag kveld eit stort jordskred i Sunndal.
Til saman 13 menneske måtte evakuerast i hu og hast.
I mørket klarte ikkje naudetatane å slå fast kor stort skredet var, og ekspertane kunne heller ikkje utelukke nye skred. Dei store nedbørsmengdene førte også til stengde vegar og tunnelar, og ei rekkje bustadhus som fekk vatn i kjellarane.
No etterlyser ordførar Ståle Refsti (Ap) betre varsling av uveret.
– Vi måtte kalle ut mannskap og dimensjonere opp beredskapen undervegs. Det kunne fått konsekvensar dersom folk hadde vore indisponerte eller gjorde noko anna, seier han.
Alle naudetatane rykte ut i går kveld då det store jordskredet gjekk i Sunndal.
Foto: Ole Erik Loe– Stort sprik på varsla
Ordføraren seier uveret laurdag kveld var mykje verre enn i januar, under ekstremvêret Gyda. Då var beredskapen koordinert gjennom Statsforvaltaren og det kom ei rekkje raude farevarsel i forkant.
Denne gongen var det meldt om moderat fare for flaum og skred.
– Det at det er så stort sprik på varsla på ver som treff oss like hardt, er urovekkande med tanke på gode ekstremvarsel og at vi skal kunne gjere den jobben vi skal gjere, seier han.
Ordføraren omtalar situasjonen som traumatisk for dei som utan forvarsel måtte evakuerast i nattemørket.
Ei av dei var Ellen Dragset (76). Ho hadde besøk av to døtrer og mennene, og måtte sleppe alt dei hadde for å flykte frå skredmassane.
– Det var så mørkt og vi var så redde, seier ho.
Ellen Dragset (76) skjønte ingenting då skredet gjekk seint om kvelden. Då måtte ho ut i full fart. Her i samtale med ordføraren.
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRKSende ut gult varsel
Fredag ettermiddag sende Meteorologisk institutt ut gult farevarsel og melde om store nedbørsmengder i Møre og Romsdal og Trøndelag.
Dette varselet blei sendt ut fredag ettermiddag. Ordføraren i Sunndal meiner det burde vore raudt.
Vakthavande meteorolog Espen Biseth Granan ved Meteorologisk institutt meiner at det gule farevarselet var korrekt, heile området sett under eitt. Og at det inneber lokale variasjonar med meir nedbør enkelte stader.
– Å varsle for enkeltkommunar klarer vi ikkje, så gode er vi ikkje. Då blir det frykteleg mykje bomvarsling dersom vi skal gjere det. Vi må sjå eit større område, seier han.
Vakthavande meteorolog Espen Biseth Granan ved Meteorologisk institutt seier dei ikkje klarer å føresjå vêret i kvar kommune.
Foto: Meteorologisk Institutt.Noregs Vassdrags- og Energidirektorat, NVE, varsla før helga fare for flaum og skred på gult nivå.
Direktør Brigt Samdal seier at informasjonen dei hadde på førehand tilsa eit gult nivå, og at det er vanskeleg å vite eksakt korleis veret blir.
– Kommunane må også ta gule varsel på alvor. Det kan medføre hendingar. Det vil alltid vere usikkerheit knytt til varsla, seier Samdal.
Direktør Brigt Samdal i NVE seier kommunane må ta gule varsel på alvor.
Foto: ODDMUND HAUGEN / NRKHåper å vere betre budde neste gong
Søndag kveld er flaumen på veg tilbake, og nedbøren har minka. Men framleis står markar og åkrar under vatn. Geologar har vore i sving på rasstaden, og etterkvart fekk 12 av 13 evakuerte flytte tilbake. Førebels har ingen full oversikt over skadane.
Ordføraren håper dei er betre førebudde neste gong noko liknande kan skje.
– Det er ille dersom det blir varsla for mykje, då blir det «ulv, ulv», men det er faktisk ille dersom dei varsla for lite også, seier han.