Hopp til innhold

Kritisk for bøndene

Det tørre og fine vêret er i ferd med å skape problem for bøndene. Det seier Konrad Kongshaug, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag. Tørkesommaren i fjor førte til avlingssvikt for mange bønder rundt omkring i landet. Landbruket toler ikkje enda ein slik sesong, seier Kongshaug. – Avlingane tørka opp fleire stadar. Fôrlageret frå i fjor er difor stort sett brukt opp. Eg er redd for at det kan få store konsekvensar om vi får ein liknande tørkesituasjon i år. Held tørken fram no vil det truleg føre til sterkt nedsette avlingar i år. Det er eit stort behov for nedbør no, seier han.

Åker
Foto: Gunnar Sandvik