NRK Meny
Normal

Kritiserer kommunane etter at Ålesund varmtvannsbasseng blei skrinlagt

– Vi håpa at dei skulle det, men dessverre var ikkje kommunane villige til å gå inn med kapital i dette prosjektet.

Helse Sunnmøre varmtvassbasseng

Slik skulle Sunnmøre Varmtvannsbasseng, på nedsida (sørsida) av Ålesund sjukehus, sjå ut. No blir prosjektet skrinlagt, og manglande støtte frå fleire kommunar skaper harme.

Foto: Helse Sunnmøre

Det seier Ørskog-ordførar, og styremedlem i Stiftelsen Sunnmøre Varmtvannsbasseng, Torbjørn Fylling.

Han er no svært skuffa etter at planane om varmtvassbasseng ved Ålesund sjukehus måtte skrinleggast onsdag.

Planane om nytt varmtvassbasseng kom opp etter at Ålesund sjukehus måtte stenge det gamle i 2003. Bassenget var mellom anna tenkt som svært god hjelp til mange kronisk sjuke menneske.

Manglar om lag 1/6 av finansieringa

Bassenget skulle ligge på sørsida av Ålesund sjukehus og hadde ei kostnadsramme på 56 millionar kroner.

Onsdag var styreleiar i Stiftelsen Sunnmøre Varmtvannsbasseng, Karl Arne Remvik, svært skuffa og trist etter å ha måtta skrinlegge prosjektet etter mange års arbeid.

– Det er noko vi har jobba med sidan 2005, og stiftinga blei oppretta i 2006. Eg må seie at eg synest det er veldig synd, og det er ingen god følelse at vi no kastar kortar. Men vi ser ikkje at vi kan kome i mål, så vi må dessverre gi oss, sa Remvik til NRK.

For etter seks års forsøk på å samle inn 56 millionar kroner til prosjektet, manglar det framleis mellom 8 og 10 millionar kroner for å kunne starte bygging av bassenget.

Saka held fram under bildet.

Helse Sunnmøre varmtvassbasseng

Utsikt mot sjøen og gode fasilitetar. No blir det ikkje varmtvassbasseng ved Ålesund sjukehus trass i hard jobbing sidan 2005.

Foto: Helse Sunnmøre

– Kommunane burde kjent si gjestingstid

No får kommunane krass kritikk for å ikkje ha bidrege i spleiselaget. Torbjørn Fylling hadde sett sin lit til kommunane.

Torbjørn Fylling

Torbjørn Fylling er svært skuffa over manglande kommunal støtte til varmtvassbasseng-prosjektet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg føler at dei oppgåvene og ansvaret som kommunane har, gjer at kommunane burde kjent si gjestingstid og bidrege til dette prosjektet, seier Ørskog-ordføraren.

Saman med Ålesund kommune er Ørskog einaste kommune som har bidrege med pengar til prosjektet. Frivillige lag og organisasjonar, låneopptak og kronerulling har stått for resten av kapitalen så langt.

Giske, Haram, Skodje, Sykkylven og Sula har alle sagt at dei støttar prosjektet, men ingen vil, eller har råda, til å støtte økonomisk.

Prosjektet kunne blitt det motsette av skrinlagt om kommunane hadde kome meir på banen, meiner Fylling.

– Eg trur kommunane ville ha opplevd dette som ei god investering i neste omgang, for rehabilitering, opptrening og folkehelse generelt.

Skuffa revmatikarforeining

Også Karen Høidal, leiar i Møre og Romsdal Revmatikarforeining, er svært skuffa over kommunane.

– Som eit samfunnsrekneskap burde ein ha satsa på og prioritert dette prosjektet, mein eg.

Utan kommunane si hjelp håper Høidal i staden på eit mirakel for å få på plass eit varmtvassbasseng éin gong i framtida.

– Då må ein vinne i lotto, avsluttar Høidal.

Helse Sunnmøre varmtvassbasseng

Helse Sunnmøre Varmtvannsbasseng skulle ligge på sørsida av Ålesund sjukehus.

Foto: Helse Sunnmøre