NRK Meny

Kritiserer DAB-dekning

Ordførar i Stordal, Eva Hove, er svært kritisk til den manglande DAB-dekninga i fylkesvegtunnelane. Fleire tunnelar, som har hatt FM-dekning, får ikkje DAB før i april.

– Dette er lite tilfredsstillande og fylkeskommunen burde ha planlagt dette betre, seier Eva Hove i ei pressemelding. Ho påpeikar at datoen for at NRK forlet FM-nettet har vore kjend i lang tid.