NRK Meny
Normal

Kritikk gir betre tilbod

Etter fjoråret med venting i opptil tre og ein halv time på ferjekaika i Molde etter Leonhard Cohen-konserten innsåg både Moldejazz og ferjeselskapa at noko drastisk måtte gjerast.

Fornøgd trio

Fornøgd trio: driftssjef Svein Peder Vågnes i Tide, marknadssjef Hans Olav Solli i Moldejazz og avdelingsleiar Per Olav Moldvær i Tide

Foto: Arne Flatin / NRK

I dag lanserte Moldejazz, Fjord 1 og Tide planane for eit vesentleg betre transporttilbod over Romsdalsfjorden under jazzfestivalen seinare denne månaden.

Fjord1 aukar bilkapasiteten med 21 prosent og passasjerkapasiteten med 11 prosent. I tillegg reknar Moldejazz med at bilkapasiteten vert styrkt som følgje av at Tide no set inn hurtigbåtrute frå Ålesund via Brattvåg til Molde dei tre dagane det er størst trafikk under festivalen. I fjor var det eit problem at ferjene gjekk nesten heilt utan bilar fordi det var fylt opp med passasjerar.

TideEkspress

Tideekspress skal brukast til å frakte sunnmøringar til jazzfestivalen i sommar.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Hurtigbåten Tideekspress, som til dagleg går i strekninga Ålesund-Valderøya- Hareid skal gå frå Ålesund klokka 15.00 med retur frå Molde ved midnatt. Det som også er nytt er at båten på returen køyrer innom både Haramsøya, Lepsøya, Langevåg og Hareid.

1200 skal heim

Moldejazz reknar med at på ein konsert på Romsdalsmuseet med rundt 6000 tilskodarar er det rundt 1200 frå Sunnmøre, som skal heim over fjorden etter konserten.

Stemning på Romsdalsmuseet

God stemning på Romsdalsmuseet når det er konsert under jazzfestivalen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tide fekk også mykje kritikk fordi det ikkje var noko tilbod i fjor, og toppsjefen i konsernet gav klar beskjed til folket sitt i Møre og Romsdal at dette ikkje skulle skje på nytt. Det fortel Per Olav Moldvær som er avdelingsleiar i Tide.

I tillegg til turane mellom Sunnmøre og Molde vert det ekstraturar mellom Molde- Helland og Vikebukt om kvelden før båten returnerer til Sunnmøre.

Marknadssjef Hans Olav Solli i Moldejazz er veldig fornøgd med avtalen med Fjord1 og Tide. Han understrekar at det ikkje er Moldejazz som tar risikoen økonomisk. Per Olav Moldvær i Tide seier dei satsar på at dei ikkje taper pengar på dette, men at dei neppe kjem til å tene stort heller.

Solli er også opptatt av at dei store kulturopplevingane vert delt mellom folket i Møre og Romsdal. Dermed er gode kommunikasjonar av stor betyding. Då Krifast vart opna merka Moldejazz at det vart mykje lettare å få publikum frå Nordmøre til festivalen. Han håper at dette båt og ferjetilbodet i alle fall vil redusere ventetida vesentleg for dei som tek turen frå Sunnmøre.

Turen som startar i Molde kl 15.00 endar i Molde klokka 16.30. Turen tilbake tek like lang tid og dei siste er heime i Ålesund rundt klokka 01.30.