Hopp til innhold

Kristoffer er på topptur igjen etter at han fekk sju tonn betong over foten

Kristoffer Fylling (35) var i sitt livs beste form då arbeidsulykka skjedde. No er han på fjellet igjen, med berre ein fot.

Kristoffer Fylling på tur med amputert fot

22. juni kom Kristoffer Fylling seg på toppen av Klovetinden (949 moh.) i Ørsta med protese.

Foto: privat

Smertene var intense då småbarnsfaren blei frakta om bord i ambulansehelikopteret. Den spreke 35-åringen, som vanlegvis sprang på fjellet fleire gongar i veka, var livredd.

Han turte ikkje tenke på kor omfattande skader føtene hans hadde fått. Ville han kunne gå igjen?

– Eg kika aldri ned på foten for då visste eg at eg kom til å svime av, fortel Fylling.

Arbeidsulykke på Frøya

Kristoffer fekk eit sju tonn tungt betongelement over føtene i ei arbeidsulykke og blei sendt til St. Olavs hospital

Foto: Ronny Teigås

Betongblokk over føtene

I august 2020 fekk 35-åringen ei sju tonn betongblokk over føtene på jobb.

Høgrefoten var så øydelagt i ulykka at legane anbefalte å fjerne han, etter fleire operasjonar.

– Det er godt å tenke på at det var eg sjølv som valde å amputere foten i staden for at eg skulle vakne opp utan fot. Eg angrar ikkje, seier Fylling. Han blei verande på sjukehus i tre månader.

Ni månader etter amputasjonen får han massiv respons i sosiale medium. Å gå på topptur er eit slit for dei fleste, men at Kristoffer Fylling har komt seg på fjellet er ein bragd.

Kristoffer Fylling på sjukehuset etter ei arbeidsulykke

Begge beina blei skadd i ulykka, men høgrefoten var så knust at det enda til slutt med amputasjon.

Foto: privat

Beinhardt slit

Vegen tilbake til det gamle livet med fjellturar har vore tøff. På sjukehuset tenkte han mykje på barna sine og om han kunne vere ein aktiv far. Han bestemte seg for å gjere det beste ut av situasjonen.

– I starten var det ein siger å kome seg frå senga til rullestolen, seier Fylling.

Dei første fem meterane med protese gav ei ubeskriveleg meistringskjensle. Han klarte stadig lengre turar.

Likevel har det vore mange nedturar. Etter ein liten gåtur kunne han vere utslått av smerter og ligge fleire dagar på sofaen. Traumet han opplevde gjer også at han går til psykolog.

Han var likevel aldri i tvil om at han skulle på fjelltur igjen.

Kristoffer Fylling saman med sambuaren

Åse Marianna Sogge og Kristoffer Fylling har hatt fast turavtale ein gong i veka. No går paret på tur igjen.

Foto: privat

Hårete mål

Han starta med korte fjellturar, men i juni nådde han målet om Klovetinden på 949 meters høgde.

– Det var ganske ubeskriveleg. Det er deileg å få tilbake dette i livet. Det trengde eg, seier Fylling.

Før ulykka sprang familiefaren opp dei bratte fjellsidene. No går det ikkje like fort og han må ta hyppige pausar. Det er lett å få blemmer og gnagsår visst han ikkje tørkar bort sveitten av protesen. Smertene er der konstant og verst er det i nedoverbakkane.

Han trur grunnen til at han har kome seg så raskt på beina igjen er at han var i sitt livs beste form før ulykka. Kroppen var sterk og vand med hard trening.

– Eg kunne ha sete heime og vore redd for smertene, men det er ikkje eit alternativ. Ein må ofre litt, seier Fylling.

Han har alltid drøymt om å gå på Afrikas høgaste fjell, Kilimanjaro og den draumen lever framleis sjølv om han manglar ein fot.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL