Hopp til innhold
VM-kvalifiseringskamp mellom Nederland-Norge
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kristine Bjørdal Leine

  • Ada Hegerberg ikkje i landslagstroppen

    Ada Hegerberg slit framleis med skade og rekk ikkje oktobersamlinga med fotballandslaget. Hegerberg blei skadd i ein VM-kvalifiseringskamp for ein månad sidan.

    I dag blei landslagstroppen til kampane mot Brasil og Nederland presentert, og her må altså landslaget klare seg utan spelaren frå Sunndalsøra.

    I fjor haust gjorde Hegerberg comeback etter ein langvarig skade. Tidlegare i år var ho tilbake for Noreg for første gong sidan sommaren 2017.

    Guro Reiten frå Sunndal, Aurora Mikalsen frå Kristiansund og Kristine Bjørdal Leine fra Skodje er med i landslagstroppen.

    Ada Hegerberg på trening lørdag 9. juli i Brighton i England under EM 2022. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK
    Foto: Eskil Wie Furunes / NRK
  • Leine er klar for RBK

    Landslagsspelar Kristine Leine forlet Reading og er klar for Rosenborg. 24-åringen frå Skodje har vore Englandsproff i to år. No har ho skrive kontrakt med fjorårets sølvvinnar ut 2022, skriv adressa.no.

    Kick Off med Toppserien
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Tøff kamp for Bjørdal Leine

    Kristine Bjørdal Leine fra Skodje har kriget seg inn i startelleveren til Reading. Søndag hisset hun på seg Manchester United-fansen i det som ble et surt 2-1 tap. Leine fikk nemlig et tidlig gult kort, og skulle ha hatt rødt etter flere harde taklinger etter det, mener for eksempel «The United Stand». – Det var en tøff kamp hjemme mot United i dag, hvor det ble en del dueller. Om jeg skulle hatt rødt kort, vet jeg ikke, det var flere tøffe taklinger fra begge lag, sier Leine.

    Kristine Bjørdal Leine
    Foto: Tore Ellingseter / NRK
  • Berre uavgjort for Leine

    Kristine Bjørdal Leine og Røa leia 2–0 til pause mot Avaldsnes, men toppseriekampen mot Avaldsnes enda 2–2. Leine, som er frå Skodje og spelar på U23-landslaget, spelte heile kampen og var kaptein. Oppgjeret var ein del av superhelga i Toppserien på Vålerenga si heimebane i Oslo. – Skuffande. Ikkje ufortent at vi sleppte inn to mål etter pause, sa Leine til NRK etter kampen.