Hopp til innhold

Folk trudde Kristina var dum

Så mange som 1-2 elevar i kvar klasse kan slite med å forstå kva som vert sagt. Kristina Corneliussen var 18 år før ho fekk ein diagnose.

Mange skuleelevar har hørselsproblem som ikkje blir oppdaga i ein vanleg test. Desse vert uformelt kalla hørselsblinde og det kan dreie seg om så mange som to i kvar einaste skuleklasse, viser forsking. Men no finst det ein metode.

Kristina Corneliussen har ei høyrselshemming som gjer at hjerna ikkje klarer å tolke lydar. Dersom ho er i rom med mykje støy, høyrer ho ikkje kva folk seier.

– Folk trudde eg var dum eller treg i oppfatninga. Eg forstod ikkje kva læraren sa, fortel Kristina Corneliussen (24).

Ho er ei pratsam og sprudlande jente og for utanforståande er det vanskeleg å oppdage handikapet hennar. Det var det også for helsepersonell opp gjennom oppveksten.

Allereie frå toårsalderen mistenkte foreldra til Kristina Corneliussen at ho høyrde dårleg. Ålesundsjenta var plaga med mykje øyrebetennelsar og øyreverk. Men gong på gong viste testane ho høyrde alle lydar heilt fint.

Kristiana Corneliussen

Etter Kristiana fekk diagnosen APD som 18-åring har livet vorte lettare. Som student jobbar ho i små grupper for å få med seg kva dei andre snakkar om.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Trekte seg unna

Det var i sosiale samanhengar Kristina sleit. I barndommen ville ho helst leike med berre ein ven om gongen. Vart det større grupper, trekte ho seg tilbake og vart stille. Ho høyrde rett og slett ikkje kva som vart sagt. På barneskulen var ho heilt utsliten når ho kom heim, fordi ho hadde hovudverk.

– Eg måtte berre gå og legge meg etter skulen, fortel 24-åringen.

Legen meinte det var stiv nakke og rygg som skapte hovudsmertene og sende jenta til fysioterapi. I ettertid forstod ho at det var på grunn av høyrselen at ho spente seg i kroppen og vart stiv. I heile oppveksten brukte ho all energi på å konsentrere seg for å høyre.

LES OGSÅ:

Trudde ho var gal

På ungdomsskulen skulle alt bli verre. Klassene var store og det vart fleire elevar og lærarar å forhalde seg til. Kristina følte endå sterkare at det var noko som feila henne. Ho klarte ikkje skilje orda frå kvarandre, og lydane vart ein einaste graut. Framleis viste høyrselstest hos helsesøster at alt var normalt.

– Eg trudde rett og slett at eg var gal, fortel Kristina Corneliussen.

Når venninnene lo av vitsar i friminutta, fekk Kristina ikkje med seg kva som var morosamt. Ho berre lo med for å ikkje verte avslørt. Tenåringsjenta fekk heller ikkje med seg beskjedar som læraren gav, og syntest det var flaut kvar gong det vart oppdaga. Det enda med mykje kjeft for tenåringsjenta. På kveldane las ho det klassa skulle gjennom i timane neste dag, for å skjøne kva læraren snakka om.

Hørselstest

Snorre Fjeldvig Tørlen er ein av 300 elevar med normal hørsel som skal prøve ut dei nye testane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fekk diagnose

Då ho var 18 år og gjekk på vidaregåande skule, var ho sliten og frustrert. Nok ein gong gjekk ho til helsesøster og sjekka høyrselen. Som vanleg var alt normalt, men likevel tok helsesøstera kontakt med ein audiopedagog for å sjekke nærare.

Frå den dagen skulle alt ende seg. Audiopedagogen mistenkte at alt ikkje var slik det skulle med Kristina og trudde ho kunne ha ei høyrselshemming som ikkje ligg i sjølve øyret. Det skulle vise seg å stemme. Auditive Prosesseringsvansker eller APD betyr at øyra høyrer normalt, men hjernen har vanskar med å tolke signala frå øyra.

– Eg vart letta over å få den beskjeden, for eg trudde at eg nok ein gong ville vere utan svar, forklarer Kristina.

Mangla testar

Fram til i dag har Noreg mangla testar for å sjekke hjernen si evne til å tolke lydsignala, og difor har få barn fått diagnosen APD.

No har ei forskargruppe omset testar frå engelsk til norsk, og til hausten skal eit nasjonalt utredningstilbod vere klart. Ein trur at mellom 3 og 5 prosent av befolkninga har lyttevanskar og det betyr at ein til to elevar i kvar klasse slit.

– Du kan tenkje deg ein gamaldags radio der du prøver å stille inn riktig kanal. Du høyrer susing og at nokon pratar, men klarer ikkje oppfatte orda, forklarar Tone Stokkereit Matsson. Ho er øyre-nase-halseoverlege i Ålesund og tar doktoravhandling på APD.

Kan ha fått feil diagnose

Tone Stokkereit Matsson

Tone Stokkereit Matsson og audiograf Gøril Ohrstrand skal teste hørselen til 300 elevar i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei norske testane som nyleg er utarbeidd, er hittil berre prøvd ut på barn med høyrselshemming. No arbeider Matsson med å kartlegge kva som er normale verdiar for norske friske barn. 300 elevar frå Ålesund er forsøkspersonar.

– I dette arbeidet har vi faktisk oppdaga barn som scorar lågare enn dei andre. Dei vil få hjelp vidare, seier Matsson.

Ho ser ikkje bort frå at ein del barn har fått feil diagnosar, sidan APD har mange likskapar med ADHD, språkvanskar, autisme og lese og lærevanskar.

Betre kvardag

For Kristina Corneliussen (24) var det ikkje berre godt å få ein diagnose. Det var også sårt. Det finst nemleg ingen behandling eller mirakelkur som får bort problemet. For 24-åringen handlar det om tilrettelegging i kvardagen og nyttige hjelpemiddel. Ho er student ved Høgskolen i Oslo og skal bli ergoterapeut.

– Skulen er heilt fantastisk og for lærarane er det ei sjølvfølge at dei skal legge til rette slik at ting går på skinner for meg, seier Kristina.

Når læraren har førelesing, får Kristina alltid tilsendt informasjonen på førehand. Læraren snakkar i mikrofon og Kristina har ein FM-sendar i øyra, slik at ho berre høyrer det som vert sagt, og ikkje vert forstyrra av bakgrunnsstøy.

Ho nyttar også skrivetolk i dei delane av undervisninga som går føre seg på engelsk. Det vil seie at tolken skriv ned det som vert sagt.

Går ikkje ut på byen

Kristina likar aller best å vere på skulen fordi alt er så tilrettelagt. I det sosiale livet er det det framleis vanskeleg.

– Sjølv om teknologien har kome langt, strekk utstyret ikkje til i dei situasjonane som er aller vanskelegast. For meg er det ikkje lett å gå på byen, seier Kristina. Der er det så mykje støy, at 24-åringen må halde tak i dei ho er ute saman med, for ikkje å miste dei av syne.

Ho trivst aller best i små grupper, der ho kan vere som alle andre. No håper ho at det vert sett meir fokus på høyrselshemminga, slik at andre barn slepp å gå gjennom det same som ho. Og oppmodinga til foreldre er klar.

– Ikkje gi opp dersom de meiner at noko er gale med høyrselen til barnet, seier Kristina Corneliussen.