NRK Meny
Normal

Knekte nakken i 1988 – no er ho klar for «Ingen grenser»

Året var 1988. Kristin Maridal var på arbeid som journalist. Brått brasa ein bil inn i høgre sida på bilen hennar. Då ho skulle snu på hovudet kjende ho det: Ho hadde fått ein svært alvorleg nakkeskade.

Kristin Maridal

Kristin Maridal er frå Nesset og Ålesund. I kveld er ho klar for «Ingen grenser» på TV2.

Foto: Alex Iversen / Ingen Grenser 2013

I dag er det premiere på «Ingen grenser» på den norske kommersielle fjernsynskanalen TV2. 11 deltakarar skal ta seg frå Bryggen i Bergen, gjennom vill norsk natur og opp på Hardangerjøkulen.

Programleiar er Odd-Bjørn Hjelmeset og deltakarane måtte søkje om å få vere med, og måtte gjennom ein utvalsprosess. Over 1000 melde seg på.

– Eg tenkte vel ikkje at eg skulle kome vidare. Det var jo som mange påmelde. Og eg vart ganske overraska over at dei valde meg. Der var jo så mange andre fine folk, seier ho til NRK på premieredagen.

– Spennande dag

Dagen i dag er svært spennande for henne. Men ho kjenner godt til kva TV-sjåarane skal få sjå i dag.

– Heldigvis har eg fått sett serien både ein og to gonger. Så eg veit kva som kjem, smiler ho.

Deltakerne Ingen Grenser 2013

Programleiar for årets «Ingen grenser» er Odd-Bjørn Hjelmeset. Saman med Kristin Maridal er også dei 10 andre deltakarane Marie Finstad, Kristine Thorud Lund, Alina Hartikkala, Eirik Vaule Røisland, Hanne Enerhaugen, Camilla Rambø, Sareng Amini, Christian Fjeldal, Hein Anders Kvalheim og Raymond Hoel.

Foto: Alex Iversen / Ingen grenser 2013, Bergen

– Gjekk på ein smell

Mange kjenner serien frå to tidlegare sesongar på NRK. Den gongen var det natureventyraren Lars Mosen som var programleiar. Alle deltakarane har funksjonsnedsetjingar, og dei blir utsette for store utfordringar. Kristin Maridal vedgår at det til tider vart ganske hardt å vere med.

Det gjekk ikkje lang tid før eg gjekk på den første stjernesmellen. Og det er klart at dette var beintøft. Dei som trur at vi berre spela slitne og at det stod folk bak og hjelpte til, så tek dei feil. Det som skjer er ekte, fortel ho.

– Gjere det umoglege mogleg

Programmet heiter «Ingen grenser». Og for Kristin Maridal handla det om å utfordre sine eigne grenser.

– Det handla om å gjere det umoglege mogleg. Men eg skjønte vel ikkje heilt kva eg hadde meldt meg på. Ikkje før eg var midt oppi det. Det var ikkje mogleg å fatte det før, seier ho.

– Eg var heldig

Det er 25 år sidan ulukka skjedde. Ho var ute på arbeid som journalist, og skulle parkere bilen sin på ferjekaia på Vestnes. Brått brasa ein bil inn i høgresida på bilen hennar. Nakken hennar blei broten på same stad som det skjedde med fotballspelaren Dagfinn Enerly.

– Eg var heldigare enn han, fordi ryggmargen heldt. Eg er blitt skrudd saman og sikra teknisk fleire gonger. Eg var heldig. Eg kan både gå og stå og leve. Men eg lever med mykje smerte, fortel ho.

Den skjulte smerten

Det er vanskeleg å sjå at Kristin Maridal har ei alvorleg funksjonsnedsetjing. Utanpå ser ho heilt frisk ut. Men ho lever med store smerter, smerter som ingen ser.

Det er første gongen at «Ingen grenser» har med seg nokon med usynlege skadar. Vi er faktisk to. Det er ei med leddgikt og eg som har brukke nakken. Det er mange som slit med daglege smerte og som ein ikkje ser. Dersom eg kan vere med på å gje dei eit slags ansikt, så kan det kanskje vere OK at vi blir synlege på denne måten.

– Kalde og slitne

Opptaka til programmet skjedde i sommar. Og sommaren viste seg ikkje frå si aller beste side under opptaksvekene. Reisa varte i fem veker, og sola skein berre i fire dagar i denne perioden.

– Vi var kalde og slitne, og det var ikkje mykje rom for å hente seg inn att. Eg måtte godta at ekspedisjonslegen skrudde opp medisineringa mi ganske kraftig, fortel ei spent Kristin Maridal.

Programmet «Ingen grenser» har premiere onsdag klokka 20.00