Hopp til innhold

– Det er tull å snakke om opprykk no

Kristiansund tronar øvst på tabelltoppen når dei går ut i ferie. Trenar Christian Michelsen vil ikkje høyre snakk om at laget kan vere i eliteserien neste år.

Christian Michelsen Kristiansund

Trenar Christian Michelsen seier at det blir ein knallhard haustsesong.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Kristiansund slo botnlaget Bryne søndag kveld, og ligg øvst på tabellen, heile fire poeng framfor Sandefjord. Trenar Christian Michelsen meiner spelarane godt kan klappe seg sjølve på skuldra for den gode innsatsen dette halve året.

– Vi har posisjonert oss bra og gitt oss sjølve eit fantastisk godt utgangspunkt for det som skal skje vidare, men vi skal fortsette å jobbe knallhardt, seier Michelsen.

Tull å snakke om opprykk

Han veit at snakket om opprykk til eliteserien går. Supporterane har store draumar, men det vil ikkje trenaren høyre snakk om no.

– Det er så mange som har fokus på tabell og mange snakkar om tippeligaen i 2017. Det å tenke på noko som kan skje om tre-fire månader er tull, seier Michalsen.

Han og spelarane veit at det er eit maraton etter ferien, der dei må kjempe for kvart poeng.

Stor slitasje

Det var ein sliten gjeng på banen mot Bryne. Det har vore stor slitasje på enkeltspelarar, fordi spelarstallen har blitt mindre. Michelsen meiner ferien er velfortent, sjølv om det ikkje blir eit slaraffenliv.

– No treng gutane både fysisk og mentalt å vere borte frå kvarandre nokre dagar, men dei skal sjølvsagt ikkje ligge på sofaen, seier Michelsen.

Etter nokre dagar med avslapping blir det fokus på å gjere seg klar til haustsesongen.

– Det er ingenting som blir forskottert. Det må jobbast for og då får vi som fortent til slutt. Vi er audmjuke, seier trenaren.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL