Hopp til innhold

Kristiansundsband til MGP

Men oppstarten til americana-rockarane var alt anna enn full av MGP-glam.

El Cuero blir historiens første kristianundsband i Melodi Grand Prix. Men da bandets brødrepar startet sin musikerkariere, var ingen ting som tilsa at de en gang i fremtiden skulle stå på MGP-scenen. Tvert imo

Sjå TV-reportasjen frå staden der brørne Håvard og Brynjar Takle Ohr starta bandkarrieren sin.

Søndag 9. mars skal El Cuero på scenen for alle første gong – som MGP-deltakarar vel å merke. Då skal bandet i elden i den tredje semifinalen med låta "Ain't No Love (In This City No More)".

Ingen paljettjakker

Hadde nokon spurt bandet om dei ville stå på scena i Melodi Grand Prix for nokre år sidan, hadde bandet truleg berre ledd til svar, seier trommis Håvard Takle Ohr.

– Innpakninga til MGP var litt tvilsam ei stund. Det var som å sjå på pinleg pute-TV, seier han.

Men no har rockebandet ingen skruplar med å delta i Melodi Grand Prix.

– Då NRK spurte om vi ville vere med, fekk vi inntrykk at vi kunne gjere som vi ville og vere oss sjølve. Då er det ikkje skummelt i det heile tatt.

– Ingen paljettjakker?

-Ingen!

Starta med fiskestank

Då Håvard og broren Brynjar Takle Ohr starta musikarkarrieren si i 1992, var det ingenting som tilsa at dei eingong i framtida skulle bli del av det glamorøse MGP-showet. Tvert imot. Bandkarrieren starta i naustet til stefaren – saman med alt ein sjarkfiskar normalt har på ein slik stad.

– Det lukta så gale då vi var ferdige å spele her. Ikkje berre av sveitte, men av fisk og skit, fortel El Cuero-trommisen til NRK-reporteren som er med på omvising i rock'n'roll-naustet.

Ekstra klesskift

I tillegg til dei to brørne, måtte bandmedlemmane Tommy Reite og Øyvind Blomstrøm ha med eit ekstra skift klede då dei var på bandøving tidleg på 90-talet.

– Vi hadde med oss kleda vi gjekk i og så hadde eg øvingskkleda pakka ned i ein pose. Så skifta vi tilbake etter øvinga, for viss ikkje ville ingen vere saman med oss, fortel han vidare.

I den første semifinalen 7. mars får du også møte ein anna artist frå Møre og Romsdal. Då skal nemleg Dina Midsund sin eigenkomponerte melodi "Needs".