Hopp til innhold

Kristiansundarar tenner lys for terrorofra i Paris

Kristiansundarar har laurdag ettermiddag strøymt til Piren i byen for å tenne lys og leggje ned blomster. Dei markerer avsky mot terroren i Paris.

Lystenning i Kristiansund

Lill Fjerstad (45) og dottera Lone (5) tende lys ved Piren i Kristiansund laurdag ettermiddag. Mora fryktar nye terroraksjonar.

Foto: Roar Strøm

Levande lys forma til bokstavane i "Frankrike" er stilt opp ved Piren i Kristiansund laurdag ettermiddag. I løpet av dagen har mange vore bortom med blomster, for å markere avsky mot terroråtaka i Paris fredag kveld.

Ei av dei er Lill Fjerstad (45) og dottera Lone (5).

- Eg syns det som har skjedd i Paris er heilt forferdeleg, det er heilt uverkeleg. Og så fryktar eg at det skal skje i andre land også, at det er ei bølgje, seier ho.

– Er du uroleg for at det skal skje i Noreg?

– Ja, det er eg. Kanskje ikkje i Kristiansund, men i Oslo, at dei tek dei store byane, seier ho.

Les også:

Vil hjelpe – men ikkje alle

Småbarnsmora meiner det er rett å hjelpe flyktningane som kjem til Europa no. Trass i at det nettopp er IS mange flyktar frå no, fryktar ho at enkelte av dei som kjem sympatiserer med IS likevel.

– Det er jo ein slik straum, det er nok også IS-sympatisørar blant dei som kjem, seier ho.

– Trur du at andre nordmenn fryktar dei som kjem?

– Både og. Eg er tilhengjar av å hjelpe dei som treng det, men det er ikkje alle som treng hjelp, seier ho.

Oppmodar folk om å be

Lys forma som "Frankrike"

Israelske Betty Rosenberg la ned blomster på Piren laurdag ettermiddag. Ho meiner folk no bør be.

Foto: Roar Strøm

Israelske Betty Rosenberg, som no bur i Kristiansund, var også på Piren laurdag ettermiddag. Ho vakna opp laurdag morgon og blei overvelda over alle som skreiv om terroråtaka på Facebook, Twitter og Instagram. Mange brukar emneknaggen "PrayforParis".

Eg tenkjer at folk verkeleg bør be for Paris no. Kjøp eit lys og litt blomster og be! oppmodar ho folk. Sjølv hadde ho med roser laurdag ettermiddag.

– Eg er veldig lei meg, det er forferdeleg, seier ho.

Kristiansundarar har laurdag ettermiddag strøymt til Piren for å tenne lys og leggje ned blomster.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL