Hopp til innhold

Kristiansundarane saknar politisk temperatur før valkampen

I byen der det kokte av engasjement i sjukehussaka, er det langt frå kokepunktet når politikken for dei neste fire åra skal avgjerast.

Det er berre ti dagar igjen til valdagen, men i Kristiansund føler folk at det er merkeleg stille. I byen der det kokte av engasjement i sjukehussaka, er det langt frå kokepunktet når politikken for dei neste fire åra skal avgjerast.

Sjå tv-saka: Innbyggarane i Kristiansund saknar politisk temperatur før valkampen.

Valglogo

I Kristiansund sentrum var det fredag lite å sjå til den pågåande valkampen. Dei einaste raude rosene stod på rot og det var ingen blå ballongar eller partieffektar å sjå i gågata denne dagen.

Folk på gata hadde heller ikkje sett mykje til lokalpolitikarane i valkampen.

– Nei, ingen, seier Anne Grethe Opsal.

– Det har vore dårleg med det, seier Roar Opsal.

Lite synlege valkampanjar

I vinter var Kristiansund byen der alle lét seg engasjere når det storma som mest rundt bygginga av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Eldbjørg Hogstad, valmedarbeidar i Kristiansund kommune.

Eldbjørg Hogstad, valmedarbeidar i Kristiansund kommune, trur folk er meir usikre i år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På servicekontoret til Kristiansund kommune har førehandsstemminga allereie starta. Likevel er det mange som er usikre på kven dei skal stemme på.

– Eg trur mange samanliknar det med tidlegare år der dei har fått postkassene sine fulle av valprogram og lister. Det verkar som om det har vore mindre av det i år, seier Eldbjørg Hogstad, valmedarbeidar i Kristiansund kommune.

– Eg har oppmoda mange til å ta turen til sentrum i helgene, då har politikarane som regel vore synlege i gatebilete, held ho fram.

Mange er usikre

Dagfinn Ripnes, tidlegare ordførar i Kristiansund (H) var ein av dei som hadde tatt turen til stemmelokala denne fredagen. Han stiller sjølv til val og har mange års politisk erfaring.

Ripnes har ei noko partipolitisk forklaring på den låge valtemperaturen i nordmørsbyen.

– Det er kanskje nokon som vel å sitte politisk stille i båten. Eg meiner at vi i Høgre har vore synlege både på gata og i media, seier han.

– Er folk meir usikre i år?

– Ja, vi har inntrykk av det. Mange gir uttrykk for at dei synest det er vanskeleg å bestemme seg, seier Eldbjørg Hogstad, valmedarbeidar i Kristiansund kommune.