Hopp til innhold

Kristiansundar må i fengsel

Ein mann i 20-åra frå Kristiansund er dømd til fengsel i ti månader for oppbevaring av over 2,2 kilo hasj i bilen sin. I retten vedgjekk han det han var skulda for, og forklarte at han hadde oppbevart stoffet for ein kamerat. Mannen blei pågripen før jul i fjor, og er også dømd for sal og bruk av narkotika.