KBK klatra dermed opp på 7.-plass på tabellen, mens Lillestrøm ligg tre plassar lenger ned.
Tapet var likevel «Fuglas» første sidan dei rauk 0–3 borte mot Molde 7. juli.
Sidan den tid har hovudtrenar Andreas Georgson takka ja til ei trenarrolle i Manchester United, og gultrøyene må dermed på trenarjakt igjen.
Draumestart
Kristiansund såg ut til å få ein draumestart på kampen da Espen Garnås var for tøff med Kristian Lien i ein duell innanfor 16-meteren, og dommar Daniel Higraff blåste straffe.
Ein VAR-sjekk viste likevel at situasjonen starta på utsida av feltet, og vertane fekk dermed frispark i staden.
Frisparket resulterte i ingenting, og det blei derfor ekstra tungt da Frederik Elkær banka Lillestrøm i leiinga fem minutt seinare.
Slo tilbake
Vertane slo likevel tilbake rett før pause da Mikkel Rakneberg fyrte av eit prosjektil ned i høgre hjørnet.
– Eg har gjort det før, men det er lenge sidan. Den sprett i bakken og det er litt (Mesut) Özil- vibb over det. Eg har stått masse på trening og øvd på det, sa den tidlegare LSK-spelaren til TV 2 i pausen.
Vondt blei til verre for Lillestrøm da Kristian Lien fullførte snuoperasjonen berre fire minutt inn i 2. omgang.
Eit kraftig uvêr herja såpass med banen på Nordmøre stadion at det ikkje kan spelast eliteseriekampar der i sommar.
Derfor blei også oppgjeret søndag spelt på Moldes bane.
(©NTB)