NRK Meny
Normal

– Skuffa over at Kristiansund tapte anken i sjukehussaka

Ordførar Kjell Neergaard er skuffa over at Kristiansund tapte saka mot Helse Midt-Noreg igjen. Også i runde nummer 2 blei påstandane om ugyldig vedtak i sjukehussaka avviste.

Kjell Neergaard

Ordførar Kjell Neergaard er skuffa over dommen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kristiansund gjekk til sak mot Helse Midt-Noreg og kravde vedtaket om å plassere det nye fellessjukehuset på Hjelset i Molde, ugyldig. Kommunen tapte først i tingretten, men anka, og no er det altså klart at kommunen tapte i lagmannsretten også, og må betale 280.000 kroner i saksomkostningar.

Fredag ettermiddag kom dommen.

Kjell Neergaard

Ordførar Kjell Neergaard er skuffa over dommen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I det store bildet er helseføretaket frikjende, og det er sjølvsagt svært skuffande for oss, seier ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund kommune fredag ettermiddag.

Han understrekar at han ikkje har lest dommen grundig, og seier det vil bli gjort i helga.

Neergaard avviser ikkje at det kan bli aktuelt å gå vidare med saka.

– Det er mogleg å ta saka til Høgsterett, men no må vi bruke god tid til å finne ut kva vi skal gjere med saka, vi må bruke god tid på å setje oss inn i saka.

Vil førebels ikkje kommentere

Advokaten til Kristiansund kommune, Camilla Selman, vil førebels ikkje gi nokon kommentar.

– Vi har ikkje fått sett oss skikkeleg inn i dommen, som kom i dag, seier Selman til NRK. Heller ikkje Helse Midt-Noreg vil kommentere dommen. Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås, seier at dei vil vente til dommen er offentleg.

Etter det NRK kjenner til blir han lagt ut offentleg på nettsidene til domstolane måndag.

Her kan du lese heile dommen:

Dommen i Frostating lagmannsrett

Årelang strid

Striden om det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal har pågått i fleire år. Etter at det vart vedteke at sjukehuset skulle ligge på Hjelset i Molde, og ikkje på Storbakken i Kristiansund, gjekk Kristiansund til rettssak.

Dei hevda at at prosessen bak vedtaket om det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal var pill roten og at utfallet for tomteval var bestemt på førehand.

Kristiansund tapte saka i tingretten og anka.

I juni i år gjekk saka for Frostating lagmannsrett og då argumenterte Kristiansund kommune med at feil faktagrunnlag, mangelfull utgreiing, uforsvarleg sakshandsaming og ulovleg eigarstyring, fekk avgjerande innverknad på resultatet i saka. Helse Midt-Noreg på si side hevda at prosessen hadde vore grundig, med mange og gode utgreiingar.

Tilbakeviser påstandar om fusk

I dommen blir påstandane frå Kristiansund kommune tilbakeviste på punkt etter punkt.

Kommunen hevda mellom anna at vedtaket baserte seg på feil faktum når det gjaldt areal og økonomi, men dette blir tilbakevist i dommen. Kommunen hevda også at vedtaket ikkje er godt nok utgreidd, men i dommen heiter mellom anna: «Lagmannsretten finner også grunn til å påpeke at dette er typisk helsefaglige og helsepolitiske spørsmål som helseforetakene er bedre egnet til å vurdere enn domstolene».