Det er vanskeleg å seie kva effekt maskene hadde, men Bamba var mannen som sende heimelaget i leiinga etter 10 minutt.
– Det følast heilt perfekt at eg fekk score. Då eg scora følte eg berre kjærleik for publikum. Det var så godt å kunne gi tilbake, sa Bamba etter kampen.
SPIDERMAN: Tilsette i Kristiansund kommune hadde printa, klipt ut og stifta fire tusen masker for å heidre Kristiansund BK i sesongens siste heimekamp.
Foto: Anders Tøsse / NTB scanpixSandefjord var nære å komme tilbake i kampen då El-Hadji Gana Kane utlikna til 2–2 etter 70 minutt. Men Kristiansund ville mest, og Sverre Økland sende nordmøringane opp i 3–2 like etter.
Den leiinga gav KBK aldri frå seg, og sikra dermed ein ny sesong i Eliteserien.
– Det har vore ein fantastisk sesong, konkluderte trenar Christian Michelsen.
Siste heimekamp blei ein folkefest med tre poeng, så det vil vere mogleg å senke skuldrene før neste kamp mot Haugesund.
Men Michelsen har tidlegare sagt at kvar kamp er ein cupfinale, og held fast ved det.
– Vi har mykje å lære, og vi sug til oss erfaring heile tida. Derfor er det cupfinalar vi speler. Då blir vi bitte litt betre for kvar kamp.
– Det blir garantert 30 cupfinalar til neste år, og den jobben blir minst like tøff som i år, seier Michelsen.
FORNØGD: Trenar Christian Michelsen og assistent Ole Olsen kan vere godt fornøgd med sesongen som har gått. No blir det eit nytt år i Eliteserien for KBK.
Foto: Anders Tøsse / NTB scanpixEitt poeng var nok
Før kampen hadde Kristiansund 34 poeng og låg på 11.-plass. Både Tromsø og Lillestrøm pusta dei i nakken, med like mange poeng, men dårlegare målforskjell.
Det viktigaste for nordmøringane var å ha luke ned til kvalifiseringsplassen før dei møter Haugesund på bortebane i sesongens siste kamp.
Berre eitt poeng kunne sikra ny kontrakt i Eliteserien, men det enda altså med tre.
– Heldigvis har vi ein kamp igjen som vi kan nyte. All honnør til gutane og heile Nordmøre som har jobba knallhardt i kamp etter kamp, konkluderer Michelsen.