Hopp til innhold

Koronasjuk blir politimeld for å ha smitta tre andre

I staden for å sitte i heimekarantene i 14 dagar etter englandsturen, skal personen ha dratt på jobb. Det viste seg at personen var smitta av korona. No melder kommunen vedkomande til politiet.

Kjell Neergaard og Askill Sandvik

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, og kommunelege Askill Sandvik ser alvorleg på saka. (arkivbilete)

Foto: Kristiansund kommune

Kristiansund kommune har i dag meld ein innbyggjar som er mistenkt for å ikkje fylgje dei nasjonale karantenebestemmingane om å halde seg i karantene i to veker etter utanlandsturar. Kommunen meiner at personen dermed har sett andre sine liv og helse i fare.

– Saka er svært alvorleg. Det er nettopp difor vi har innført strenge karantenebestemmingar, seier kommuneoverlege Askill Iversen Sandvik i ei pressemelding.

To var i risikogruppe

Personen var på jobb ein periode før han fekk symptom på luftvegsinfeksjon. Det viste seg at vedkomande hadde korona.

Også tre av nærkontaktane til personen har fått påvist koronasmitte. To av desse tilhøyrer risikogrupper, ifylgje kommunen. Personen sjølv har hatt lette symptom. Førebels er dei andre smitta heller ikkje alvorleg sjuke.

Kommunen fekk kjennskap til saka gjennom den lokale smittesporinga.

Kunne vore unngått

Ordførar Kjell Neergaard (Ap) seier at det er heilt openbert at denne smitten kunne ha vore unngått dersom personen følgde retningslinene.

– Difor er det riktig av oss å melde saka til politiet, seier Neergaard.

Han opplever at alvoret har gått opp for folk når dei ser korleis situasjonen er i Italia og andre land, og at dei dermed er flinke til å overhalde instruksane frå styresmaktene.

Kristiansund har også sine eigne lokale karantenebestemmingar, som gjer at folk som kjem reisande frå Sør-Noreg skal to veker i karantene. Desse bestemmingane blei laurdag forlenga ei veke til.

I dag er det 18 personar som har påvist korona i nordmørsbyen. Ifylgje kommunen viser smittesporinga at alle påviste tilfelle kjem utanifrå.

Kommunen meiner dei framleis er i fase ein av pandemien.