NRK Meny
Normal

Må kutte - håpar å unngå oppseiingar

Kristiansund kommune vurderer no tiltak for å spare pengar. Både ordførar Kjell Neergaard frå Arbeidarpartiet og Senterpartileiar Maritta Ohrstrand trur dei må kutte i tilbodet til innbyggarane.

Maritta Ohrstrand i Sp og Kjell Neergaard i Ap

Politikarane i Kristiansund førebur kutt i tenestetilbodet til innbyggarane.

Foto: Privat/Roar Halten / NRK

I desse dagar pågår det ei samling for politikarane der dei førebur budsjettarbeidet.

– Det er semje i kommunen om at vi må på kontroll på økonomien, viss ikkje blir det berre verre for oss alle, seier den nye ordføraren.

Han ser for seg to ting som må bli gjort; kutte i tenestetilbodet og/eller å effektivisere. Kva for tenestetilbod dette gjeld blir truleg klart på samlinga politikarane er på i starten av denne veka.

Tid for samarbeid

Arne Ingebrigtsen

Den nytilsette rådmannen må førebu kutt.

Foto: Roar Halten / NRK

Også rådmann Arne Ingebrigtsen seier tenestetilbodet må ned, og åtvarar om at det kan bli oppseiingar, om ein ikkje greier å snu økonomien. Det er ofte løn og talet på arbeidstimar det handlar om i eit kommunebudsjett. I dag er det nesten 1600 tilsette i Kristiansund. Politikarane ønskjer å unngå oppseiingar, mellom anna fordi mottakarane av enkelte tenestetilbod blir fleire og eldre.

Ragnhild Helseth

Effektivisering er eit stikkord for varaordføraren.

Foto: Roar Halten / NRK

– Dei ulike tilboda må bli gjort på ein annan og billigare måte, seier varaordføraren frå Venstre, Ragnhild Helseth.

Tillitsvalt Astrid Rønning i fagforbundet seier dei tilsette må få vere med på å sjå arbeidstidsordningar, tenesteytingar og kva som eventuelt kan bli gjort meir effektivt.

– Har du lånt pengar så må du betale gjelda før du kan kjøpe noko nytt, seier Ohrstrand. Ho vedgår at det er trist å måtte kutte i tenestetilbodet, men ser ikkje nokon veg utanom.

Line Karsvik frå SV har tru på forbetringar, og er samd i tiltaka som rådmannen har skissert. Det inneber kutt i vikarbruk, finne årsakene til sjukefråveret og få ned dette, og redusere overtidsbruken. Ho meiner løysinga er fleire fast tilsette.

Frp-politiker Geir Nordli

Geir Nordli i Frp er innstilt på samarbeid

Foto: NRK

Geir Nordli frå Framstegspartiet stadfestar at dette ikkje er tida for politiske kjepphestar.

– No er det samarbeid som gjeld.