Hopp til innhold

Hundrevis svarar ikkje kommunen på om dei vil ha vaksine

Dei tilsette i Kristiansund kommune ringer, og sender både meldingar og brev. Likevel får dei ikkje svar frå nesten 500 av innbyggarane sine.

Vaksine

På vaksinasjonskontoret i Kristiansund sit det 8–10 som jobbar med følgje opp prioriteringsgruppene.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Over 1.600.000 nordmenn har fått minst eitt stikk av koronavaksine i Noreg. Mens vaksineringa går nedover i prioriteringsgruppene, er det ikkje alle som er like lette å nå.

I Kristiansund kommune har 500 av dei rundt 8.500 som har fått tilbod gjennom massevaksineringa, verken sagt ja eller nei. Ca. 50 av desse er avventande av helserelaterte årsaker, men resten får dei rett og slett ikkje tak i.

Det var avisa Tidens Krav som først skreiv om saka.

Alle får først ein SMS om å gå inn og registrere time på nett. Etter kvart begynner kommunen å ringe dei opp, og det kan by på utfordringar.

– Det er forskjellige årsaker. Nokre har ikkje mobiltelefon eller har byta nummer, mens andre har reservert seg mot offentlege nummerregister. Då må vi bruke alternative måtar for å finne dei, seier einingsleiar i Kristiansund kommune, Hilde Gustad.

Hilde Gustad, avdelingsleder i Kristiansund kommune

Rundt 100 har takka nei i Kristiansund, men avdelingsleiar Hilde Gustad vil gjerne ha svar frå dei 500 som er igjen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Som å leite opp familiemedlem, andre på same adresse eller høyre med heimetenesta for dei som har det. Fungerer ikkje det, så sender dei brev.

– I verste fall kan vi dra litt rundt og sjå om vi finn eldre folk som kanskje ikkje har mobiltelefonen sin på.

For 2–3 veker sidan kalla dei inn høgrisikogrupper heilt ned til 18 år, og heller ikkje alle dei unge er lette å nå. Mange vel å reservere seg mot å stå i register, mens kanskje andre skal ta vaksine andre plassar.

Kristiansund

Det bur 24.000 menneske i Kristiansund i Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil gje alle sjansen

– Vi ønsker ein så god vaksinasjonsoppslutning i kommunen som mogleg, spesielt fordi det er ekstremt viktig for å unngå alvorleg sjukdom hos desse gruppene, seier kommuneoverlege i Kristiansund, Askill Sandvik.

Kommuneoverlege Askill Sandvik i Kristiansund

Det er ekstremt viktig å få ein så god vaksineoppslutning som mogleg, seier kommuneoverlege Askill Sandvik.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Han påpeiker at døra stadig er open for dei som har fått tilbod, men som ikkje har svart. Han reknar også med nokre av dei rett og slett ikkje vil ta vaksinen.

– Det er ikkje vaksineplikt, men vi ønsker ikkje å gå glipp av nokon som frivillig vil ta den. Det skal ikkje stå på oss, seier kommuneoverlege Askill Sandvik.

I den litt større nabobyen Molde er det derimot berre 15 personar dei ikkje har klart å få fatt i. Desse vil no få brev i posten.

– Dei som har sete på vaksinetelefonen vår har gjort eit godt stykke arbeid for å få tak i folk som står for tur fortløpande, seier Siri Haukaas, fagleiar for helse og omsorg i Molde.

Gøril Laugsand. Vaksingering Bodø, korona, virus, vaksine, covid-19, covid,

Innan september skal alle nordmenn over 18 år vere ferdigvaksinerte, dersom dei takkar ja.

Foto: Ola Helness / NRK

I Ålesund fører dei ikkje oversikt over kven som takkar nei eller ikkje svarar. Etter å ha sendt SMS om tilbod, følgjer dei i staden opp med annonse i avisa og gjennom sine eigne kanalar.

– Vi har ei heilt annan befolkning med 65.000 innbyggarar. Skulle vi ha fått svar frå alle, måtta vi hatt eit heilt anna apparat, seier verksemdsleiar i Ålesund kommune, Anne Berte Hareide.

Ålesund har likevel godt over 90 prosent oppslutning på første dose.

Blir brukt fleire innkallingsmetodar

Folkehelseinstituttet har inga nasjonal oversikt over kor mange kommunane ikkje har fått tak i eller som takkar nei. Det er opp til den enkelte kommune.

– Vi er i dialog med kommunane om korleis ein kan sikre at ein får tak i alle som blir tilrådd koronavaksinasjon. Vi rår dei blant anna til å bruke fleire innkallingsmetodar, seier overlege Are Stuwitz Berg i FHI.

Overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI)

FHI er opptatt av at kommunane skal klare å nå alle, seier overlege Are Stuwitz Berg.

Foto: Torstein Bøe

Han seier dei er godt kjende med problematikken med det å nå alle.

– Vi har jobba med å kartlegge moglege årsaker, og har blant anna laga ei verktøykasse for eit likeverdig vaksinasjonstilbod, seier Berg.

Så langt har over 90 % av alle over 65 år i Noreg takka ja til tilbod om koronavaksinasjon, ifølgje FHI.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL