Hopp til innhold

Kristiansund kommune dømd for usakleg oppseiing av brannmann

Kristiansund kommune må betale over 200 000 kroner i sakskostnader etter å ha sagt opp ein brannmann.

Rådhuset i Kristiansund

Kristiansund kommune må ut med nesten 200 000 kroner i sakskostnader etter ei usakleg oppseiing.

Foto: Aina Rødal / NRK

Frostating lagmannsrett slår samrøystes fast at brannmannen som etter 31 års teneste miste arbeidet, er usakleg oppsagd.

Brannkonstabelen blei 12. februar 2014 sagt opp, etter å ha sagt til ein av sjefane sine at han ikkje hadde tillit til han, og at ein av dei fekk gå frå arbeid den kvelden. Då kollegaen ikkje gjorde det, forlet han sjølv brannstasjonen.

I åtvaringa som mannen fekk etter opptrinnet, heitte det at dette "betraktes som utilbørlig og uakseptabel opptreden" og eit brot på arbeidsavtalen.

Noko seinare skal han også ha vore motvillig mot å skifte vaktlag, og han blei dermed oppsagt.

Frifunnen i tingretten

I Nordmøre tingrett blei kommunen rett før jul frifunnen, og brannmannen blei dømd til å betale 75 000 kroner i sakskostander til kommunen. Men no er altså lagmannsretten komen til ein annan konklusjon. Dei meiner det er kommunen som har gjort feil, og at mannen må få behalde arbeidet sitt.

Klammeri med kollega

Brannmannen forklarte i retten at han ikkje kunne arbeide saman med kollegaen som kom på jobb denne kvelden på grunn av ein tidlegare konflikt.. Han hevda også at han ikkje gjekk frå vakt før det var klart at nokon steppa inn for han.

Han forklarte også at han ikkje hadde nekta å bytte vaktlag, berre gitt uttrykk for at han syns det skjedde for raskt.

Hevda han gjekk utan løyve

Kommunen hevda i retten at han utan løyve forlet arbeidsplassen sin 23. april 2013, og trass i at brannsjefen fleire gongar sa at dette kunne få følgjer.

Kommunen meiner også at brannmannen må kunne arbeide saman med ein kollega, trass i konflikten dei i mellom. Trass i gjentekne oppmodingar om å bli på jobb, endra han ikkje meining, og kommunen meiner dei ikkje har gjort noko gale ved å seie opp brannmannen etter dette.

Får kritikk i lagmannsretten

Lagmannsretten meiner framferda til brannmannen er klart kritikkverdig. Det at han nekta å arbeide saman med ein kollega, blir karakterisert som ein klar overreaksjon. I dommen kjem det også fram at "hans egenrådighet kan betraktes som ordrenekt og er uakseptabelt i et arbeidsforhold".

Likevel er det ikkje grunn til å hevde at han sette beredskapen i fare, slik kommunen hevda.

Brannmannen får også kritikk for motviljen mot å bytte vaktlag, men heller ikkje her får kommunen medhald i at dette er ordrenekt.

Lagmannsretten har konkludert med at Kristiansund kommune ikkje hadde sakleg grunn for å seie opp brannmannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL