Sjølv seier dei dette er sjansen dei har til å vere med i OL. Men dei treng pengar til satsinga, og frir til Kristiansund kommune og ber om økonomisk støtte.
Får dei det, lovar dei å gi heimbyen rikeleg tilbake, seier Espen Gøranson.
Hard konkurranse
Aldri før har dei vort så godt trent, sandvolleyballbrørne Espen og Kjell Arne Gøranson frå Kristiansund. Og no satsar dei på plass i OL-troppen i Athen i 2004. Men konkurransen om plassane er knallhard. Dei må kjempe mot meir etablerte namn som para Jørre Kjemperud/Vegard Høidalen og Bjørn Maaseide/Iver Horrem.
Kjell-Arne Gøranson
Ber om 20.000
Satsinga kostar pengar, og no ber dei heimkommunen om rundt 20.000 kroner som ein del av potten for å kunne reise rundt i verda for å kvalifisere seg. Til gjengjeld lovar dei å marknadsføre Kristiansund både internasjonalt og i andre samanhengar. Og det kan bli ei rimeleg og god marknadsføring for idretts- og kulturbyen på Nordmøre.