Hopp til innhold

Kristiansund er open om økonomien på nett

Kristiansund kommune vil legge ut budsjettet på innsparing på nettsidene sine resten av året. Det gjer dei som motivasjon, og for å vise kvar dei kuttar.

Kristiansund rådhus

OPNE: Kommunen er opne om økonomien til Kristiansund. Dei legg ut planar om økonomi og kutt på nettsidene sine.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Karl Kjetil Skuseth

VIKTIG: Kommunalsjef Karl Kjetil Skuseth i Kristiansund seier det er viktig for Kristiansund kommune å vera open om økonomien til kommunen.

Foto: Per Kvalvik

– Den nye rådmannen er veldig opptatt av at me skal halde trykket på bystyret sitt vedtak, seier kommunalsjef Karl Kjetil Skuseth i Kristiansund.

– Det er viktig for oss å vise fram for medarbeidarar, politikarar, og innbyggarar, kvar me til ei kvar tid er i forhold til den vedtatte planen. Me trur det er med på å motivere organisasjonen til å vise at dette skal me klare, seier han.

Vil ut av Robek i 2016

Etter to år med underskot vart det tidlegare i år klart at Kristiansund kommune må kutte over 70 millionar kroner for å få kontroll på økonomien.

Tabell på innsparing frå Kristiansund kommune

LEGG UT: Mellom anna denne tabellen på innsparing per 20. juli 2015 har Kristiansund kommune lagt ut på sine nettsider.

Foto: Kristiansund kommune

Kommunen ynskjer å komme seg ut av Robek-lista, og målet er å klare det allereie i 2016. Økonomistyringa er dei opne om på nettsidene sine.

– Me trur me ligg godt an, men når me set opp ein slik plan er det klart at det er dei første millionane det er lettast å spare inn, seier Skuseth.

– Me må nok slite litt hardare med å hente inn resten, seier han.

Positivt å vera open

Morten G Mortensen

POSITIVT: Fagkoordinator for kommuneøkonomi ved fylkesmannen i Møre og Romsdal, Martin Gjendem Mortensen, meiner det er positivt at kommunen legg til rette for informasjon om økonomien til innbyggjarane.

Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fagkoordinator for kommuneøkonomi ved fylkesmannen i Møre og Romsdal, Martin Gjendem Mortensen, meiner det er positivt at Kristiansund kommune er open om økonomien.

– Kommunen legg då til rette for informasjon til innbyggarane, seier han.

– Det kan tene som grunnlag for debatt og diskusjon om den riktige utviklinga i Kristiansund kommune, når det gjeld tenesteproduksjon og tenester til innbyggjarane, seier Mortensen.