Vedtaket om å bryte samarbeidet med Helse Møre og Romsdal var samrøystes.
«Bunadsgeriljaen» begynte med eit bilete av bunadskledde Anja Cecilie Solvik som viste musklar framfor fødeavdelinga i Kristiansund. Sist søndag kledde bybefolkninga seg i nordmørsbunad og gjekk på fotballkamp. I dag var det eit bystyre med bunadskledde representantar som kutta alt samarbeid med Helse Møre og Romsdal.
– Eg hadde lyst heim til Kristiansund for å vere med på møtet i bystyret. Men no er trykket frå rikspressa så stort at eg må bli verande her i Oslo, seier Anja Cecilie Solvik til NRK.
– Ikkje godt nok greidd ut
Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, rosa dei som markerte seg med å stille i bunad.
– Det er rørande å sjå jobben som «Bunadsgeriljaen» har gjort. Saka har fått nasjonal merksemd.
Men bystyret var ikkje samla til fest. På dagens sakliste sto den mest betente saka som har herja Nordmøre i nyare tid: Nedbygginga av sjukehustilbodet i Kristiansund.
– Dei tilsette på fødeavdelinga har fått oppleve at deira eigen sjef på direkte TV har snakka ned kompetansen på avdelinga. Påstandane var ikkje sanne. Styret burde alt der ha sagt at saka ikkje var godt nok greidd ut, sa ordføraren.
– Byggjer ned Nordmøre
Nordmørskommunane meiner at helsepolitikken i Møre og Romsdal blir driven på ein feil og uheldig måte i strid med tidlegare inngåtte avtalar. Kommunane meiner det går føre seg ei nedbygging på Nordmøre til fordel for ei oppbygging på Sunnmøre og i Romsdal.
– Helse Møre og Romsdal har brote med miminumskrava i samarbeidsavtalane. Kvifor skal vi då ha nokon samarbeidsavtale med føretaket?, spurte rådmann Arne Ingebrigtsen.
– Ei sak for heile landet
Berit Frey (Sp) hadde lagt merke til at ein av bystyrerepresentantane stilte i gudbrandsdalsdrakt.
– Dette er eit godt poeng. For dei står i akkurat same kampen i Hedmark og Oppland. Og fleire andre stader. Det er sjukehusopprør over alt. Vi kjempar no ein kamp for heile landet, sa Frey.
– Provokasjon
Parti for parti, representant for representant inntok talarstolen i bystyret i Kristiansund. Alle var samstemte: Dei ville ikkje godta at fødeavdelinga i Kristiansund blir lagt ned før det nye fellessjukehuset står klart.
– Eg blir provosert når eg les at helseminister Bent Høie åtvarar mot å seie opp samhandlingsavtalane. Han kan løyse denne saka, men han nektar å gripe inn. Måten styret i Helse Møre og Romsdal behandla saka på er kanskje det verste vi har sett i Noregs land, sa Bjarne Elde (Ap).
– Ein demokratikamp
Representant for Miljøpartiet de Grønne, Asle Orseth meiner opprøret på Nordmøre også er ein kamp for demokratiet.
– Dette er ein demokratikamp. Befolkninga på Nordmøre har fått sjå skuggesida av korleis det norske samfunnet er organisert. Folk som ikkje kan stillast til ansvar demokratisk tek avgjerder som er avgjerande for samfunnet, sa Orseth.
– Heng ikkje på greip
SV-politikar Line Kalsvik greip fatt i opplysninga om at fødeavdelinga i Kristiansund leverte dårlegare kvalitet enn avdelinga i Molde. Denne opplysninga blei lagt fram på styremøtet som vedtok nedlegginga.
– Folk står og lyg. Klinikksjefen måtte gå tilbake på denne opplysninga. Og det var denne opplysninga som førte til at Molde blei valt framfor Kristiansund. Det heng ikkje på greip, sa ei bunadskledd Line Kalsvik.
– Bunad er høgtid
Arbeidarpartirepresentant Linda Dønnem stilte i bunad på talarstolen.
– Bunad gjev meg kjensle av høgtid. Og det er på høg tid at helseminister Høie grip inn. Bunaden blei etablert som eit nasjonalt protestplagg, for eiga nasjonal styring. Derfor er det viktig å ta på seg bunaden no, sa Dønnem.
«Bunadsgeriljaen» held fram
Det blir mykje bunader å sjå på Nordmøre i dagane framover. I morgon, onsdag, er det stor bunadsprotest på eit av utsiktspunkta i Kristiansund. Og det blir tilsvarande aksjonar i ei rekkje nordmørskommunar. Med Kristiansund sitt vedtak i dag har til saman fem nordmørskommunar vedteke å bryte samarbeidet. Saka kjem opp i alle nordmørskommunane, bortsett frå Eide som har orientert seg mot Romsdal.