Hopp til innhold
Kristiansunds Amidou Diop i aksjon under eliteseriekampen i fotball mellom Viking og Kristiansund
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Kristiansund BK

Oppsummert

Kristiansund Ballklubb blei etablert hausten 2003 etter ei samanslåing av Kristiansund Fotballklubb og Clausenengen Fotballklubb. KBK rykte opp til Eliteserien i 2016. I 2023 rykte dei ned igjen til 1. divisjon.

  • Træff skremte KBK

    3. divisjonslaget Træff tok imot eliteserielaget Kristiansund BK i onsdagens cupkamp.

    Og det var heimelaget som fekk kampens første mål. Etter berre ni spelte minutt sette Iver Flønes ballen i mål for Træff. Etter dette tok KBK meir føringa i kampen, men utlikninga kom først to minutt før pause. Då sette Brynjólfur Willumsson ballen i mål og laga gjekk til pause med stillinga 1–1.

    Pape Guèye sende KBK i leiinga etter 70 spelte minutt og dette blei også sluttresultatet.

    KBK-trenar Amund Skiri seier dei møtte tøffare motstand enn dei kanskje hadde venta.

    – Træff er godt organiserte, dei har eit bra spel og gode individ i laget som kan skape trøbbel for oss. Og så blir kanskje kampen tøffare enn vi hadde trudd i og med at vi ligg under 1–0 så tidleg. Samtidig får vi 1–1 til pause og veit at vi må jobbe på i andre omgang for å få det vi treng, og det gjer vi. Så når vi får den scoringa føler eg at vi vinn forholdsvis greitt, seier Skiri.

    Spelande trenar for Træff Vegard Forren var fornøgd med lagets innsats, men hadde ønska seg ekstraomgangar.

    – Det var sjølvsagt ein tøff kamp, men det er artig å sjå at vi heng med mot eit eliteserielag. Vi plaga dei mykje, men ikkje nok dessverre. Det skal vere forskjell på laga, men vi heng med bra i store delar av kampen. Det er litt irriterande at vi ikkje fekk ekstraomgangar og ein mogleg straffekonkurranse, men det er kanskje for mykje å be om.

    Kbk fans cupkamp Kristiansund mot Træff
    Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
  • Første heimesiger for Kristiansund

    Kristiansund tok årets første siger på Nordmøre stadion då dei slo Tromsø 1-0 søndag. Med totalt sju poeng er dei godt plassert i øvre halvdel av tabellen etter fire kampar. Pape Guèye stod for kampens einaste mål, mens Brynjólfur Willumsson brann ein straffe.

    Kristiansund ballklubb scorer mot Tromsø. Pape Guèye blir hylla av Brynjólfur Willumsson.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Har signert kontrakt med Sivertsen

    Oskar Siira Sivertsen (20) har skrevet under en ny kontrakt med Kristiansund Ballklubb. Det melder klubben selv. Dette er den tredje kontrakten Sivertsen skriver med KBK. Den nye avtalen har varighet ut 2026-sesongen. Sivertsen har gått veien gjennom NEAS Akademiet, der han kom inn allerede da han var 12–13 år, skriver klubben.

    Oskar Siira Sivertsen (20) har i dag signert ny kontrakt med Kristiansund Ballklubb
    Foto: Kristiansund Ballklubb
  • Bøtelagt for å ha sendt opp fyrverkeri

    Politiet gir supporteren som sendte opp fyrverkeri på Aker stadion søndag en bot på 12.000 kroner. Han står også i fare for å bli utestengt fra å se Kristiansund BK spille fotball i Eliteserien.

    Også KBK som klubb kan trolig vente seg en reaksjon. Nordmørsklubben er nemlig ansvarlig for egne supportere selv om kampen spilles på en annen arena enn i Kristiansund. Det skriver Tidens Krav.