For om lag ein månad sidan stod dei med seks poeng etter 18 kampar. Etter ein katastrofestart på sesongen, augnar Kristiansund no håp om å berge plassen i Eliteserien med tre strake sigrar.
– No har vi ein opptur, men før det var det blytungt. Sjølvsagt går vi gjennom mange kjensler vi òg på godt og vondt, seier Rita Olsen i supporterklubben Uglan.
Rita Olsen i «Uglan» tør ikkje å tru at KBK held på plassen i Eliteserien enno, men seier tre sigrar på rad smakte vanvitig godt.
Men det er meir som trugar posisjonen til nordmørsklubben, som har spelt i toppdivisjonen i snart seks år. Det blinkar raudt for økonomien. Så prekært er det, at klubben allereie i starten av september gjekk ut og bad supporterar med sesongkort pent om dei kunne fornye for 2023.
«Den økonomiske situasjonen til klubben er svært krevjande. I årets budsjett har vi budsjettert med at sal av spelarar skal gi oss ein netto gevinst på 5 millionar, som vi så langt ikkje har realisert. Dette kjem i tillegg til sviktande kampdagsinntekter og mindre inntekter frå marknads- og medieavtalen», skriv dagleg leiar i KBK, Kjetil Thorsen, i eit svar til NRK.
– Det er trist at folk stikk av i dårlege periodar, det er då ein treng supporterar. Eg trur det dessverre blir sånn i alle klubbar, seier Olsen.
Førebels har klubben selt sesongkort for to millionar kroner, ein enorm respons ifølgje Thorsen. Han er òg nøgd med at dei har selt sponsoravtaler for 13 millionar kroner så tidleg.
Dette skrivet blei sendt ut til alle sesongkortinnehavarane tidleg i september.
Grafikk: SkjermdumpAvisa Tidens Krav omtalte dette først.
Risikerer poengtrekk
I samarbeid med NFF har klubben laga ein handlingsplan for tre år, for å få klubben ut av raud økonomisk sone, som dei gjekk inn i ved årsskiftet. I Eliteserien er også Jerv og Haugesund i same båt.
Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund ballklubb.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / Marius André Jenssen Stenberg«I handlingsplanen kjem det fram at økonomien i klubben skal bli verre før den blir betre. Konsekvensane ved å ikkje nå målet i planen kan vere at vi får poengtrekk», skriv Thorsen.
Han fortel vidare at klubben jobbar døgnet rundt for å redusere kostnadar og finne pengar, for å få resultatet så nær balanse som mogleg.
– 3-2-kampen mot Vålerenga sist helg har skapt optimisme blant KBK-supporterane. Det var magisk, nesten som opprykkssigaren. Den sat så langt inn og smakte så uendeleg godt, seier Rita Olsen i «Uglan».
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB– Desperat situasjon
Fordi både den økonomiske og den sportslege situasjonen er kritisk, er det endå viktigare for KBK å behalde plassen i Eliteserien, seier Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt.
– Det flyt fleire titals millionar berre for å vere ein del av Eliteserien og den kamppakka som TV 2 som ny rettigheitshavar tilbyr, som er høgare enn klubbane nokon gong har fått. Då blir konsekvensane av eit nedrykk endå tydelegare. Timinga er så dårleg som den kan vere for Kristiansund, seier Saltvedt.
Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt meiner KBK står i ein skvis som er svært bekymringsfull.
Han meiner det er eit dårleg teikn at ein toppklubb gjer seg avhengig av budsjettert spelarsal.
– Det tyder på ein ganske desperat situasjon og det er der Kristiansund er no. Det dårlegaste utstillingsvindauget er å spele for eit botnlag. Ein treng å vinne kampar og få vist fram nokre yngre spelarar som har salsverdi, seier Saltvedt.
Heilt svart er det ikkje, for han ser ei endring i mentaliteten til laget som gjer det overkommeleg å klatre opp til kvalifiseringsplass. Klarer dei ikkje det, kan økonomien i verste fall spinne ut av kontroll.
– Då kan det fort ende i oppseiingar og reforhandling av kontraktar. I første omgang kan det bli poengtrekk, men ein eller anna stad langt borte i horisonten ligg det ei nedrykking i divisjon, seier Saltvedt.
Kristiansund ligg nest sist i Eliteserien med 16 poeng. Det er seks poeng opp til Sandefjord og kvalifiseringsplass.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB