Det er konsulentfirmaet Kaupang som på oppdrag frå kommunene har gått gjennom fordelar og ulemper ved ei samanslåing. Rapporten kjem ikkje med ei endeleg tilråding om Kristiansund og Frei bør slåast saman til ei kommune. Det er det opp til innbyggjarane i dei to kommunene å avgjere i ei folkeavstemming. Men Kaupang har sett opp ei liste over fordelar og ulemper med ei samanslåing av dei to nordmørskommunane. Mellom ulempene blir kostnadane nemnt. På sikt vil dei to kommunane få færre statlege overføringar dersom dei slår seg saman til ei kommune. I tillegg vil samanslåingsprosessen koste ein del. Det blir også peika på at avstanden mellom dei som styrer og folket kan bli større. Til sist vil ei samanslåing også føre med seg usikkerheit om arbeidsplassar, spesielt i administrasjonen. Når to kommunar blir ei, vil det også bli behov for færre tilsette i kommunen.
Kan spare
Det er også knytt ei rekkje fordelar til ei eventuell samanslåing. Kaupang har funne ut at dei to kommunane årleg kan spare til saman mellom fem og ni millionar kroner kvart år. I tillegg blir arbeidsmiljøet til dei tilsette større. Rapporten peikar også på at kommunene kan få større kommunale musklar ved ei samanslåing. Det vil seie at dei kan stille sterkare i konkurransen om statlege middel og i den regionale utviklinga av fylket. I følge rapporten vil den økonomiske gevinsten vere liten innanfor barnehagar, barneskule, barnevern og sosiale tenester.