Det kriseramma reiarlaget hadde eit resultat før skatt på nærmare 1,5 milliardar i minus siste kvartal i fjor. I same kvartal i 2014 var resultatet minus vel 100 millionar kroner.
Det brasilianske oljeselskapet Petrobras har terminert kontrakten for leige av supplyskipet Havila Faith, og som følgje av dette og faren for ytterlegare kanselleringar er inntektene redusert med 39 millionar kroner i kontraktperioden. Reiarlaget har også gjort nedskrivingar mellom anna i verdiane til skipa på nærmare 1,4 milliardar kroner i fjerde kvartal i fjor.
Leiinga i Havila Shipping er framleis i forhandlingar med kreditorar og er i ei djup gjeldskrise. Reiarlaget, som har base i Fosnavåg på Sunnmøre, har rundt 800 tilsette.
LES OGSÅ: