Krisepakken er opna

Møre og Romsdal fylke får 66 millionar og kommunane 219 millionar. Det er sett av pengar til ei rekkje vegar og ferjekaier.

Anleggstart på Haukabøen
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Det skal setjast i gang ei rekkje prosjekt når det gjeld utbetring av ferjekaier, bygging av gang- og sykkelvegar, vedlikehald av tunnelar og trafikktryggingsprosjekt.

Kommunane i fylket får 166 millionar kroner i vedlikehaldstilskot og 53 millionar i auka frie inntekter.

Tiltakspakken inneheld også ein kompensasjon for auka skattesvikt på 55 millionar og ein auke i meirverdiavgiftskompensasjon for fylket og kommunane på 42 millioner.

Tilskot, frie inntekter og kompensasjonar

Sjå Tiltakspakken for Møre og Romsdal: detaljane

Vegprosjekt

Regjeringa vil setje av 36 millionar kroner til gang- og sykkelvegar i Møre og Romsdal, fordelte på 12 prosjekt:

Freifjordtunnelen

Det er sett av 10 millionar kroner til vedlikehaldstiltak i tunnel

Foto: Aina Rødal / NRK

3 millionar kroner til prosjekt i Apalset (E39), 2 millionar kroner til prosjekt i Verma (E136), 6 millionar kroner til prosjekt i Kårvåg (Rv 64), 2 millionar kroner til gangbru ved Blindheimstallen (Rv 60), 6 millionar kroner til prosjekt ved Straumgjerdet – Stonganeset (Rv 60), 3 millionar kroner til prosjekt i Bæverfjord (Rv 65), 2 millionar kroner til et prosjekt i Futura, Kristiansund (Rv 70), 2 millionar kroner til Sykkelsatsing Sunndalsøra (Rv 70), 2 millionar kroner til prosjekt ved Skarbø skule (Rv 650), 1 million kroner til fortau ved Dalevegen i Ørsta (Rv 655), 3 millionar til gangfelt ved Rørstad (Rv 657) og 4 millionar til prosjekt ved Haukabøen – Julneset.

Det er sett av 10 millionar kroner til vedlikehaldstiltak i tunnel, 25 millionar kroner til drift- og vedlikeholdsprosjekt for auka trafikktrygging, 4,7 millionar kroner til ulike tiltak etter trafikktryggingsinspeksjon på riksveg 70, 1,9 millionar kroner til trafikktryggingstiltak på strekninga Melkvika – Kristiansund (Rv 70) og 3 millionar kroner til veglys på riksveg 70.

Ferjekaier

Fergekø Linge-Eidsdal

2 millionar kroner blir løyvd til toalett ved Linge ferjekai.

Foto: Rune Hansen / NRK

Det er sett av 2 millionar kroner til toalett ved Linge ferjekai (Rv 63), 3 millionar kroner til utbetringstiltak ved Sølsnes ferjekai (Rv 64), 1 million kroner til utbetringstiltak ved Åfarnes ferjekai (Rv 64), 1 million kroner til utbetring av Årvik ferjekai (Rv 61), 11 millionar kroner til utbetring av Mordalsvågen ferjekai (Rv 668), 24 millionar kroner til ny hovudkai ved Halsa (E39) og 13 millionar kroner til utbetring av reservekai og trafikktryggingsstiltak ved Kanestraum ferjekai (E39).

Andre tiltak:

  • Regjeringa foreslår å etablere to stipendiatstillingar øyremerkte MNT-fag til Høgskolen i Molde
  • Regjeringa foreslår å etablere to stipendiatstillingar øyremerkte MNT-fag til Høgskolen i Ålesund
  • Brannsikring av tette trehusmiljø og kyrkjer av kulturhistorisk verdi i Tingvoll kommune, herunder Tingvoll kyrkje.
  • Reparasjonar på grindløe på Vesle Almklov i Vanylven kommune.