NRK Meny
Normal

Kriseleiinga samla i Sunndal

Kriseleiinga i Sunndal legg planar for korleis situasjonen etter raset på Riksveg 70 skal handterast.

Tove-Lise Torve
Foto: NRK

Til no har kriseleiinga har sørga for brannberedskap, legevakt, ambulanseordning og heimesjukepleie for folk på Ålvundeid, Ålvundfjord og Oppdøl.

Gjere opp status

- I morgontimane vil kriseleiinga gjere opp status etter det som skjedde i år, seier ordførar i Sunndal Tove-Lise Torve. Vi må sjå etter at vi har fått ordna alt det praktiske på kort sikt, seier ho.

Langvarig vegstenging ?

- På litt lenger sikt må vi ha tett dialog med Statens vegvesen når det gjeld tidspunkt for opning av vegen, seier ho. Mange av oss fryktar at vegen kan bli stengd lenge. I så fall må vi få organisert båttransport, seier Torve.

Stor trafikk

Riksvegen som no er stengd er ei viktig gjennomfartsåre på Nordmøre. Men ikkje minst er dette ein svært viktig veg for lokalbefolkninga. - Vegen er svært viktig for dei omlag 1000 bebuarane i Ålvundeid og Ålvundfjord, seier Torve. Dei som bur der og arbeider på Sunndalsøra ferdast her dagleg. Elevane på Sunndal ungdomsskole og Sunndal vidaregåande skule brukar vegen, seier Tove-Lise Torve til NRK.