Krise
Reidar Vågnes godtek merkelappen krise på det som har skjedd med klubben. Han seier at det er grunnleggande ting laget no må gripe fatt i. Han rekna med at fadesen mot Vard var noko som berre kunne skje ein gong. No er tapet 5-1 mot Hamarkameratene eit faktum. - Så giddalause kan vi ikkje vere to kampar på rad, seier Vågnes.
Diskusjon om trenarteamet ?
Reidar Vånes ser det som naturleg at det også kjem ein debatt rundt trenarteamet. Heile prestasjonsgruppa må rekne med å bli sett under debatt, seier han. - Men ein gamal krigar som meg gir seg ikkje så lett, seier han.