Krisa over for mjølkebanken

Før helga var lagera så godt som tomme. Dei viktige dråpane som skal kome for tidleg fødde barn til gode har vore mangelvare ved mjølkebanken i Ålesund den siste tida. No er krisa avblåst - donorane har meldt seg.

Avdelinga for for tidleg fødde ved Ålesund sjukehus var i ferd med å bli lens for livsviktig morsmjølk. Men etter oppslag i media melde det seg mange ammande mødrer som gjerne vil gi mjølk.

Sjå tv-saka: Seksjonsleiar Karin Sørland er glad for at dei no får fylt opp lageret.

– Vi er kjempefornøgde! Ho som jobbar på kjøkkenet vårt hadde ein kjempejobb i går med å svare på alle telefonane, og det gjer ho med glede.

Det seier avdelingsleiar Karin Sørland ved neonatal-avdelinga ved sjukehuset i Ålesund.

Laurdag skreiv NRK Møre og Romsdal om Tone Paris, som var ein av sjukehuset sine to mjølkedonarar. Då var det så godt som tomt på lageret, og uroa var stor. No er Sørland overvelda over responsen.

– Det er 12 kvinner som har meldt seg til oss. Dei må no ta blodprøver for å teste seg før dei kan bli gjevarar, men det er eit veldig godt resultat, seier ho.

Kritisk før helga

Tone Paris

Tone Paris er glad for å bidra til at for tidleg fødde barn får morsmjølk. No får ho selskap av fleire.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Før helga var det svært kritisk, med berre to sikre gjevarar. Vi er avhengige av å ha tilgang til morsmjølk til ei kvar tid, seier Sørland.

Ho seier donor-mjølka er som medisin å rekne for barn som er fødde for tidleg.

– Det tar nokre dagar før mor kjem i gang med mjølkeproduksjonen. I mellomtida er dropane heilt vesentlege for dei små, seier ho.

Klare i løpet av ei veke

Frå donormødrene testar seg, går det om lag ei veke før sjukehuset veit om dei kan gi mjølk. Utfordringa er at det er vanskeleg å seie kor lenge mødrene kan gi, men Sørland seier det no ser lyst ut.

– Vi har i alle fall dekt behovet vårt for ein periode framover, og det er vi veldig glade for. Vi har til og med fått telefon frå ei mor som skal ha baby i august og som gjerne vil gi då, så det er veldig kjekt.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.