Hopp til innhold

Kripos: – Ingen haldepunkt for ei straffbar handling

Cold case-eininga i Kripos har i dag lagt fram rapporten sin etter at å ha sett på Maja Herner-saka på nytt. Dei finn ikkje haldepunkt for at det har skjedd ei straffbar handling i forsvinningssaka.

Maja Herner og Saudehornet

Maja Herner har vore sakna sidan 21. november 2018. Ho hadde fortalt fleire kjenningar at ho hadde tenkt seg ein tur «up to the mountains». Seinare same kveld blir ho meldt sakna.

Foto: Einar Orten Trovåg (NRK) og privat

Etterforskarar i Kripos har sidan september lese gjennom alle dokument i forsvinningssaka i Ørsta.

Yngve Skovly

Politiinspektør i Møre og Romsdal politidistrikt, Yngve Skovly, seier dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko kriminelt med Maja Herner.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk

– Dei finn heller ikkje haldepunkt for at det har vore ei straffbar handling, seier politiadvokat Yngve Skovly.

Han og andre representantar frå Møre og Romsdal politidistrikt er torsdag i møte med Kripos der dei får presentert funna i rapporten.

– Dei meiner at det har blitt gjort ei god og brei etterforsking, seier Skovly.

Trur ho har forulykka i fjellet

Etter at Maja Herner ikkje møtte opp på jobb som avtalt i november i fjor, har politi, frivillige og leitemannskap frå Røde Kors fleire gonger søkt etter henne i fjella i Ørsta.

Politiet har også gått gjennom fleire tusen bilde som har blitt tatt av området.

Den polske kvinna, som nyleg hadde flytta til bygda, skulle etter planen gå ein kort tur i retning fjellet Saudehornet. Sidan har ingen sett henne.

Maja Herner

Maja Herner blei siste sett 21. november 2018.

Foto: Politiet

Bilen til Herner blei funnen parkert ved ein populær turveg der ein kan gå vidare til fjellet Saudehornet. I tillegg har politiet funne ut at den eine telefonen til 25-åringen har vore i dekningsområde til fjellpartiet.

Det har florert fleire teoriar om kva som kan ha skjedd med den sakna kvinna. Nokre av vennane til Herner starta ein innsamlingsaksjon for å engasjere ein privatdetektiv. Men heller ikkje det har gitt resultat. Politiet har i løpet av etterforskinga ikkje funne noko som indikerer at det kan ha skjedd noko kriminelt, og dei har difor jobba utifrå ein teori om at kvinna har forulykka i fjellet.

Røde Kors leter etter den savnede Maja Herner.

22. november gjennomførte Røde Kors i Ørsta nye søk etter Maja Herner.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Kripos meiner det har vore riktig å prioritere den hypotesen, seier Skovly etter å ha fått presentert hovudkonklusjonen frå rapporten.

Førre veke blei det sett i gang nye søk etter Herner i Ørsta. Dette skjedde etter tips om mykje ramneaktivitet i eit området som det hadde blitt søkt lite i tidlegare. Men heller ikkje dette søket gav resultat.

Skal prøve å kartlegge bevegelsane meir nøyaktig

Politiet skal no ta med seg tilbakemeldingane frå Kripos og vurdere det opp imot den vidare etterforskinga. Dei har heilt konkret fått anbefalingar om å ta enkelte nye avhøyr.

– Det er for å prøve å kartlegge bevegelsane meir nøyaktig slik at vi eventuelt kan gjere eit nytt og meir spissa forsøk på å finne henne, seier Skovly.

Mysteriet Maja Herner

  • 21. november etter kl. 13.00
    Sender meldingar

    Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».

  • 21. november 2018 ca. kl. 12.35
    På butikken

    Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.

  • 21. november ca. kl. 14.30
    Starta turen

    Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.

  • 21. november kl. 18.30
    Leiteaksjon

    Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.

  • 21. november kl. 21.30
    Utvidar leiteaksjonen

    Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.

  • 22. november
    Leitinga held fram

    Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.

  • 23. november
    Endå fleire deltek

    Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.

  • 24. november, om ettermiddagen
    Sperra av området

    Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.

  • 25. november ca. kl. 14.00
    Tek bilete frå helikopter

    Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.

  • 25. november, ca. 17.30
    Avsluttar aksjonen

    Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.

  • 26. november
    Går gjennom bileta

    Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.

  • 28. november
    Leitar igjen

    Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.

  • 29. november
    Drone

    Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.

  • 3. desember
    Open for alle teoriar

    Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.

  • 5. desember
    Rykte og spekulasjonar

    Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.

  • 6. desember
    Usikkert kor høgt i fjellet

    Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

  • 12. desember
    Veret hindrar nye søk

    Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.

  • 28. desember
    Polsk detektivbyrå

    NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.

  • Nyttårshelga 2019
    Nytt søk

    Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.

  • 8. januar
    Ber om observasjonar

    Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.

  • 10. januar
    Nye søk

    To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.

  • 21. januar
    Redde for å gå tur

    Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.

  • 18. februar
    Stillstand

    Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.

  • 24. mai
    Har lagt planen

    Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.

  • 16. juli
    Ventar framleis

    Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.

  • 15. august
    Starta søk med drone

    Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.

  • 22. september
    Nye helikoptersøk

    Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.

  • 26.september
    Får hjelp av Kripos

    Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført. 

  • 21. november 2019
    Sakna i eitt år

    Maja Herner har vore sakna i eitt år.

  • 22. november
    Nytt søk

    Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.